28. april 2024
Borghild saman med resten av laget etter sigeren på 4 x 400 meter stafett på Bislett søndag. Frå venstre Camilla Dahl Kristiansen, Lilje LopesPatey, Lisa Maylen Stensøy og Borghild. (Foto: Arve Hatløy, Dimna IL)

Nytt kjempeløp av Borghild

Borghild Oline Holstad leverte nok eit kjempeløp og sprang som ankerkvinne Norge inn til siger på 4 x 400 meter under den nordiske juniorlandskampen på Bislett søndag ettermiddag.
Lagvenninne hennar levert også sterke prestasjonar på dei tre første etappene, slik at Norge leia praktisk talt heile løpet og 17-åringen frå Hareid stod mot presset og heldt unna mot dei nordiske konkurrentane.
Sverige vart nummer to og gjekk over mål nesten to sekund bak Borghild. Medan Finnland kom like bak svenskane.

Stafettsigeren  søndag sett punktum for ein eventyrleg internasjonal debut for Borghild. Laurdag gjekk ho som kjent heilt til topps med ein fantastisk personleg rekord på 55,13 på den individuelle 400 meteren.