27. april 2024
Borghild fotografert under eit stemne i Ulsteinhallen i fjor. Foto: Vikebaldet

Borghild klar for to  NM-finalar på Jessheim

Borghild Oline Holstad har i løpet av fredagen kvalifisert seg til to finalar under hovudmesterskapen i friidrett i Jessheim.

Først greidde kjem ho seg til ein plass mellom dei åtte finalistane på 200 meter med 25,05 og 3. plass i sitt semifinaleheat. Deretter forbetra ho sin personlege rekord med nesten to sekund på 400 meter. 55.86 viste klokka då ho sprang inn som vinnar av sitt heat i forsøket på Jessheim stadion.

Finalen på 400 meter med Borghild på startstreken går klokka 19.43 fredag kveld og kan sjåast direkte på NRK1.

Finalen på 200 meter er sett opp klokka 18.25 laurdag og kan sjåast direkte på NRK2.