27. juli 2024
Borghild har grunn til å juble etter fleire gode finalar under senior-NM på Jessheim. (Foto: Elisabet Grimstad Kirkebø)

Borghild har etablert seg i norgeseliten

Borghild Oline Holstad vart laurdag ettermiddag nummer seks på 200m etter i hovudmeisterskapen i friidrett på Jessheim.

Med tida 25,01 var ho berre 11 hundredelar bak sin personlege rekord i NM-finalen.

Med sin 5.plass på 400 meter fredag, der ho persa seg med 55,81, kan ein trygt seg fastslå at 17-åringen frå Hareid har etablert seg i norgeseliten både på 200 og 400 meter.

Ein slik innsats i hovudmeiserskapen for senior lovar ikkje minst godt for juniormeistersskapen seinare i sommar.