24. april 2024

Spennande haustsesong i vente for a-lag menn

Hareid gjorde ein bra vårsesong, men det er som alltid om hausten ting blir avgjort.

Haustsesongen opnar med bortekamp mot Rollon fredag. Det er usikker kor store forventingar vi skal ha til den kampen. Ikkje alle spelarane har kome heim frå ferie enno, men kjem utover denne veka. Rollon er då også i ein annan situasjon enn Hareid, sidan dei kjempar om opprykk. Så vi kan kanskje kalle dette ein «bonuskamp» før det ventar ein del kampar med større press på Hareid. Men som kjent kan ein ta like mange poeng i bonuskampar som i andre kampar.

Hareid har allereie takka av ein del spelarar etter god innsats i vår. I tillegg til det vi tidlegare har meldt er det lite truleg at fjorårets beste spelar Martin N. Longva får bidrege særleg i haust, grunna hans jobbsituasjon.

På plussida er det ikkje så mange nysigneringar å melde om, men det er håp og grunn til å tru at ein del som bidrog lite i vår får vere med meir i haust.

I treningskampen mot Hasundgot sist veke (5-2-siger, sjekk referat på Facebook) fekk Arsene Simbi sin debut på venstrebacken, ein debut han krona med eit fint mål. Det kan vere ein nyttig spelar i haust. Det same kan Andreas Ulfstein bli. Han fekk sin debut mot Ørsta i vår, men måtte gå av med skade i same kamp. Og spelte deretter ikkje før treningskampen mot Hasundgot.

Elles er det grunn til å tru at Erlend Skeide, som fekk med seg halve vårsesongen, no får med seg heile haustsesongen. Og kanskje også at Ørjan Engen Grimstad og Ruben Kenneth Brandal får bidra meir jamt no i haust. Begge var skadeplaga i vår. Grimstad bur framleis i Ålesund. Dit skal etter planen også Håvard Knudsen Bjåstad flytte no, grunna jobb. Men det ser ut som begge i alle fall blir med på ei trening og ein kamp per veke. Juniortrenar Fredrik Andresen har no også meldt seg til teneste som spelar, etter eit år på sidelinja. I tillegg blir det nok meir speletid på ein del av dei yngre spelarane i klubben, både dei som har vore med i heile år og dei som nyleg har begynt å trene med a-laget. Så lag skal det nok bli i haust også, sjølv om Hareid truleg blir meir ein slags underdog i mange kampar enn kva tilfellet var i vår.

Spennande blir det i alle fall. I verste fall rykkjer fire lag ned frå 4. divisjon. I tilfelle ligg Hareid berre fem poeng over streken. Skulle tre lag rykke ned ligg Hareid seks poeng over streken. Og om berre to lag rykkjer ned er Hareid sju poeng over streken. Men skulle det skje at Hareid til dømes vinn to-tre kampar av dei fire-fem første i haust, så kan det like gjerne skje at Hareid kan begynne å sjå seg oppover på tabellen.

Men først ventar altså ein tøff bortekamp mot Rollon. Det har skjedd større senasjonar enn at Hareid skulle få med seg noko herifrå, så vi seier berre: Girri girri og lykke til!

(På biletet: Målscorarane mot Hasundgot sist veke: Simbi, Sjåstad og Skeide.)

PS. Som i vår legg vi ut førehandsomtalar, referat og ofte liveoppdateringar på Hareid IL sin Facebook-profil. Heimesida blir mest brukt til nokre statusrapportar – som denne.