27. juli 2024

Tok 25 fjellpostar på 23 timar og 55 minutt

– Vi ville gjere det fordi vi ville presse kroppane våre maksimalt, seier 17-åringane Emil Olai Hasund og Odin Bjørlykke Bakke-Hareide, som om kvelden 27. juni la i veg på eit kappløp som både tappa dei for krefter og til tider gjorde dei motlause.

Odin Bjørlykke Bakke-Hareide (t.v.) og Emil Olai Hasund utanfor Mjøl & Meir på Hareid nokre dagar etter at dei hadde klart prosjektet «25 fjellpostar på under 24 timar». Då hadde den verste gangsperra gitt seg. FOTO: ANNE GRY EILERTSEN

6. juli 2022

Dei hadde sett seg som mål å ta alle dei 25 postane til Hareid IL si fjellorientering i løpet av 24 timar. Det heldt på å skjere seg, men dei nådde målet, med ein margin på fem minutt.

Odin og Emil Olai har vakse opp i Hareid sentrum. Dei er like gamle, har gått på same klassetrinn både på Hareid skule og ungdomsskulen, og dei har spelt fotball i lag på Hareid. Til hausten skal begge til på 2. året på idrettslinja ved UVS. Emil har gitt seg med fotball, men går mykje i fjellet og på rulleski. Odin har ikkje vore nokon utprega fjellgåar, og spelar no fotball på Hødd sitt rekruttlag.

Jørn Bakke-Hareide var med som «caddy»

To-tre dagar før dei la ut på kappløpet med tida, kom dei saman for å legge ein slagplan. Den gjekk mellom anna ut på kva slags mat og drikke dei skulle innta under vegs. Med i planen vart også at far til Odin, Jørn Bakke-Hareide, skulle køyre dei frå fjellområde til fjellområde.

Dei to karane før starten på turen. Blåtinden var den første av dei 25 postane Odin og Emil Olai sette kursen mot.FOTO: PRIVAT

Mandag 27. juni klokka 21.00 gjekk dei ut av bilen i Ringstaddalen og sette kursen mot Blåtinden. Vêret var vakkert og gutane yre etter å kome i gang.

– Den første timen var den einaste timen med finvêr. Klokka 22.00 byrja det å regne, og det gjorde det heilt til klokka 07.00 neste morgon, fortel Emil Olai.

Komne ned att frå Blåtinden vart dei køyrde til Dimna, der neste post var Røyrafjellet. Deretter barst det i bil opp Fjellsbrekkene der dei tok til beins igjen og fann postane ved Hasundhornet, på Flåna og Garnestua. Så bar det ned til Løset. Neste topp var Løkeberget, men før dei la i veg dit måtte dei skifte klede. Dei var kliss våte og svoltne, og i bilen til Jørn Bakke-Hareide heiv dei innpå med loffskiver, nugatti og peanøttsmør.

– Vi hadde null sikt oppover mot Løkeberget, fortel Emil Olai.

Nedkomne frå Løkeberget vart dei køyrde til Fjellsbrekkene. Så tok dei posten ved Ramnefjellet, posten på skogsvegen ved golfbana – og så bar det opp til tjønna bak Kiberget, vidare til Brørene, Breifjellet og Roppehornet.

– Då vi kom ned frå Roppehornet var planen at pappa skulle hente oss høgt oppe på bomvegen, men bommen var nede, så vi måtte gå ein halv time ned til Flø som vi ikkje hadde rekna med, fortel Odin.

Då dei endeleg kom seg inn i bilen der var tida komen til å innta den første dosen med «Sportsgel».

– Vi var nøydde til å få i oss meir energi, forklarer dei.

Komne med bil til Bigset var det tid for å stige ut att. No stod Skafjellet, Holstadhornet og Håbakknotten for tur.

– På Håbakknotten måtte eg ta smertestillande. Eg var forferdeleg låk i eine hofta, fortel Emil Olai.

Men ei vond hofte var ingen grunn til å bryte prosjektet.

Trøbbel i Indredalen

I Hovlida, stod Jørn klar for å køyre dei vidare til Indredalen i Brandal.

I Indredalen i Brandal fekk gutane trøbbel med å finne posten. Etter 1,5 timar gav dei opp, og vart køyrde til Ytredalen og nye postar ved setra i Ytredalen, Skolma og Signalhornet. I mellomtida jobba Jørn Bakke-Hareide med å finne ut kvar posten i Indredalen var plassert, og då gutane kom ned att i Ytredalen, barst det tilbake til Indredalen for å ta den posten. Då var dei både slitne og frustrerte.

– Der vart vi gåande og leite i 1,5 time etter ein post vi trudde vi skulle bruke 15 minutt på å finne. Vi var inne på ei forklaring på trimgruppa si nettside, men forklaringa var dårleg, så vi måtte gi opp, fortel dei.

I staden køyrde Jørn dei til Ytredalen. Og medan gutane plukka opp postane ved setra i Ytredalen, på Skolma og Signalhornet, ringde Jørn rundt for å få opplysning om kvar posten i Indredalen var plassert. Så då gutane kom ned att i Ytredalen, visste dei kvar Indredalsposten var, og nærast sprang opp for å få han registrert.

– Då var vi både stressa og dritleie, kommenterer dei.

Frå Indredalen gjekk bilturen til Kvitneset, der Buhammaren var neste post. Den var enkel å finne.

– Då var klokka 15.30 tysdag ettermiddag, og vi hadde teke post nummer 20. Då var det berre fem igjen, fortel gutane, som innrømmer at dei var kjempeslitne då dei vart køyrde til Hjørungneset. Men gåturen ut til fyret der var heldigvis enkel, og dei fann posten raskt.

Knekt på veg opp mot Ulsettua

Deretter gjekk bilskyssen til Alme. Derifrå bar det opp i Alskleiva – der det var ein post – og vidare opp til Ulsettua, som dei nådde klokka 17.52.

– Oppover mot Ulsettua var vi så knekte at vi sa ikkje eit ord til kvarandre, minnest dei.

Men dei fann posten, og nærast spurta ned att til bilen. Dei hadde no to postar igjen, og måtte vere ferdig før klokka 21.00, skulle dei nå målet sitt.

Drikkevasskjelda og den vesle parkeringsplassen under Skjoranakken i Ulsteinvik var målet for neste biletappe. Der vart dei sette av, og rekna med at det skulle vere ei lett sak å finne posten på ein utkikksplass på Skjoranakken. Men det skulle vise seg å ikkje vere heilt reipe ratt.

– Vi kava litt. Det var forklaringar som «Storenotten» og «Lisjenotten», og vi varra litt rundt før vi fann han. Odin spurta ned att til foten av Skjoranakken, medan Emil Olai hadde gått mot Biltema i Saunesmarka.

– Heldigvis er det noko som heiter mobil, og vi fekk plukka opp Emil Olai der klokka 19.35, smiler Odin.

Starta på siste etappe klokka 19.50

Klokka 19.50 parkerte Jørn bilen ved foten av Melshornet på Ulset, og gutane var klare for aller siste etappe. Post nummer 25.

Målet er nådd, klokka 20.30 nådde Emil Olai Hasund (t.v.) og Odin Bjørlykke Bakke-Hareide toppen av Melshornet. Men det skulle vise seg å vere vanskeleg å finne posten. Dei virra rundt og fann han først fem minutt før fristen var ute. Då sette dei seg slitne og lykkelege ned ved foten av varden. Sjåfør Jørn Bakke-Hareide var med på denne siste etappen, og har teke bildet av dei to gutane. FOTO: PRIVAT

Akkurat då dei starta oppstiginga til Melshornet braut sola igjennom skydekket. Men dei var ikkje i stand til å nyte naturen.

– Vi spurta opp mot toppen. Turen opp tok 40 minutt og det gjekk på adrenalin. Vi kjende ikkje at vi var slitne. Komne opp på toppen var klokka 20.30, og vi rekna med at posten var plassert i nærleiken av varden. Men nei. I forklaringa på kartet stod det at posten var plassert nede på ei flate, ved ein stein. Vi sprang rundt som nokre galningar, og tida gjekk. Først 5 minutt før tida gjekk ut fann vi posten. Vi jubla, la oss rett ned og byrja å tenke på nedturen.

Det høyrer med til historia at sjåfør Jørn også var med på denne siste etappen opp på Melshornet.

– Emil Olai og eg var heilt kjenslelause i føtene då vi gjekk ned att, fortel Odin.

– Om nokre år prøvar vi på 20 timar

– Dagane etter hadde vi den råaste gangsperra vi nokon gong har kjent. Vi hadde gangsperre langt opp i ryggen, fortel dei.

For Emil var turen opp til Ulsettua det hardaste strekket, for Odin var det turen til Roppehornet som var hardast.

På spørsmål om dei er klare for å gjere prosjektet opp att, kjem det samstemt:

– Ikkje i år, men vi vil kanskje prøve igjen om nokre år. Og då er målet å klare det på 20 timar. Det hadde vi kanskje klart i år også, viss postane til Hareid IL Trim var plassert tydelegare, slik at vi slapp å vase rundt for å finne dei. Dei burde ha vore plassert på toppane, for fjelltrimmen bør ikkje vere eit rebusløp, seier dei to fjellfantane, som tok turen på under 24 timar i T-skjorte, vindjakke og shorts.