24. august 2025

Det du treng å vite før Nordvest Maraton laurdag – og ein del du ikkje treng å vite

Vi enda på heile 91 førehandspåmelde (!).

Merk at ein framleis kan melde seg på, men då berre i sekretariatet før start laurdag.

Vi kjem tilbake til tala.

Først litt praktisk informasjon:

Det aller meste står her på sida om du trykker på «Nordvest maraton» i menyen, inkludert starttider og løypekart. Men for ordens skuld kan vi repetere at det som vanleg blir drikkestasjonar etter 5, 10, 15, 21 kilometer etc. Det blir vatn på alle stasjonane, anna drikke og frukt på nokre av dei. Løypa er godt merka.

Det er toalett og garderobar i første etasje på klubbhuset (skal vere godt merka). Premieutdelinga skjer i andre etasje på klubbhuset så fort dei aller fleste har kome i mål. I denne etasjen er det også kiosk.

Klubbhuset er ope frå 09.30. Alle deltakarar må hente startnummer og chip (minus dei i mosjonsklassen, men det kan vere lurt av dei å signalisere at dei legg i veg – slik arrangørane har kontroll).

Om du ikkje er påmeldt på førehand, anbefalar vi å møte opp i god tid for registrering. Også for dei som er påmelde kan det vere lurt å møte seinast ein halvtime før start på den aktuelle distansen, men dette er berre eit tips, ikkje eit krav.

Deltakarliste og resultat kjem på https://my.raceresult.com/events/

Vi kjem til å legge ut ein del bilete på Facebook-profilen vår, i tillegg til å ha ei lita oppsummering her på sida etter løpet. Om nokon ikkje vil bli fotografert, ta kontakt med oss. Vi reknar også med det kjem reportasjar på kondis.no og diverse lokale aviser etter løpet.

Så litt statistikk – for dette ser ut til å bli svært bra:

Då fristen for førehandspåmeldingar gjekk ut 21.00 torsdag hadde heile 91 personar meldt seg på.

I fjor vart det til slutt 87 deltakarar. 75 hadde meldt seg på innan fristen. Heile 15 kom på dagen og melde seg på då. 3 anten møtte ikkje eller vart skadde på oppvarminga.

Fordelinga er slik etter førehandspåmeldinga i år: 74 på halvmaraton, 10 på heil og 7 på mosjon.

I fjor – til slutt: 67 på halvmaraton, 15 på heil og 5 på mosjon.

I statistikken som går tilbake til første året i 1991 tel vi berre med dei på heil og halv, sidan det berre er dei distansane som har vore med alle åra. Skulle vi til dømes til slutt klare 91 på heil og halv i år, så vil det bety den sjette beste deltakinga av dei 35 til og med årets.

Men skal det skje må etterpåmeldinga vere god.

Om det ikkje kjem nokon etterpåmeldingar, så går årets løp likevel inn som det sjuande best besøkte vi har hatt.

Når det gjeld kvar deltakarane kjem frå, ser vi ikkje uventa at mange kjem frå søre Sunnmøre.

Sjølv om det kom eit bra renn frå Hareid og Hareidlandet Triatlon på tampen her, er det likevel Volda som ser ut til å få med flest deltakarar i årets løp.

Heile 10 deltakarar har meldt at dei spring for Volda turn og idrett, Volda friidrett, berre Volda eller ein Dravlaus-variant. Det kan sjølvsagt ikkje utelukke at det er endå fleire frå Volda med. Med mindre ein deltek i KM er det nemleg ikkje noko krav om å representere ein klubb eller stad. (71 av 91 har oppgitt kvar dei kjem frå).

Både Hareid/Hareid IL og ulike Ulstein-klubbar (inkludert Team Røren og Ulstein-busette i Hareidlandet Triatlon) har ni kvar. Herøy (seks av dei frå Bergsøy IL) har åtte.

Etter ein liten spurt har den skadeplaga Ørsta IL/Tartanmandag-gjengen likevel klarte å skrape i hop fem løparar, medan den også ganske skadeplaga Velledalen IL-gjengen har mobilisert seks personar.

Men det er altså framleis ikkje for seint å endre på denne statistikken, om ein møter opp i sekretariatet laurdag morgon/føremiddag.

Litt førehandsomtale – eller kanskje meir korrekt å kalle det lause spådommar med litt innbaka fakta:

Mange spør seg nemleg om vi endeleg kan få nokon frå Hareid IL på topp tre på halvmaraton for menn igjen?

Vi må tilbake til 2013 for å finne sist Hareid IL-vinnar her, då Joar Gjerde gjekk til topps (men beste kvinne var betre enn beste mann). Han fekk tida 1.34,30.

Sist topp tre-plassering for nokon frå Hareid IL var Jan Endre Rise, som vart nummer to i 2018. Året før vart han nummer tre og Einar Orten Trovåg nummer to. Når det er sagt har Jan Endre både ein fjerdeplass og to femteplassar etter 2019.

Henrik Hareide Holstad si beste plassering er fjerdeplassen frå 2023, det året det var så varmt.

Det kan elles nemnast at Jan Endre Rise har den beste tida på halvmaraton av ein Hareid IL-løpar i «moderne tid», 1.16,58 i København i fjor. HHH sin pers er 24 sekund svakare.

Peter Vattøy Nygjerde, ulsteinvikar som konkurrerer for Hareidlandet Triatlon, er forresten med igjen i år etter å ha stått over i fjor (i likskap med HHH). I 2023 vart han nummer tre. Lagkamerat Knut Vikebakk bør ein som alltid også sjå opp for.

På heilmaraton for menn har det også vore langt mellom dei lokale vinnarane (Jørn Hjørungnes vann i 2019, men sånn vi hugsar det var ikkje han Hareid IL-medlem då).

Vi merkar oss vidare at Stian Skretting, Hareid IL, er med i år også. Han vann distansen i 2022, men då konkurrerte han ikkje for Hareid IL.

På damesida har Hareid IL litt fleire triumfar. I 2021 til dømes gjekk Therese Falk til topps. (Det gjorde ho også i 2018, men då ikkje for Hareid IL.)

Men når vann ei kvinne frå Hareid IL halvmaraton under Nordvest sist? Det må vere lenge sidan, for det klarer vi ikkje å leite oss fram til i farta.

Når alt dette er sagt er det ingen (!) damer frå Hareid IL som er påmelde så langt. Vi vil tru dette skuldast skadar. Ei heller nokon frå Hødd eller Dimna.

Vinnaren på halvmaraton frå 2023 og 2024, Jodi Brautaset, amerikanar busett i Ørsta, er derimot klar i år igjen. Tek ho tre på rad? Vi kan ikkje hugse at nokon har vunne Nordvest Maraton tre år på rad, uansett distanse, sidan Helge Hafsås sine glansdagar.

På herresida merkar vi oss også at Henning Hellebust frå Dravlaus/Vidar deltek. Han sprang 2.43,21 på heilmaraton i Paris i fjor, og vil neppe dumme seg ut på halvmaraton på Hareid i helga heller. Under Grue halvmaraton tidlegare i år sprang Hellebust på 1.14,29. Men løypa på Grue er kanskje litt enklare enn vår?

Den skal uansett truleg vere i god form den som skal slå Sjur Haug på halvmaraton. Lysluggen frå Ørsta IL/Tartanmandag har vunne distansen her tre gonger før, seinast i fjor. Han har også den nest beste halvmaraton-tida i Nordvest Maraton sidan oppstarten i 1991 (1.09,50, 15 sekund bak Oddbjørn Skogen sin rekord frå nettopp oppstartsåret 1991).

Men så er det jo alltid spennande med løp som dette. Heilt ukjente kan ha tatt store steg sidan i fjor. Og kven som helst kan i realiteten melde seg på 15 minutt før start og vinne.

MEN: Dette er jo strengt tatt mest synsing.

Det viktigaste er at dei som deltek har det så artig som mogleg og får utfordra seg sjølv.

Gjerne også at dei har det såpass kjekt at dei kjem tilbake neste år, slik mange må ha tenkt etter 2024-arrangementet.

Andre ting å merke seg:

Jan Endre Rise og Andreas Eikrem Røren er dei av årets deltakarar som det er lengst sidan dei IKKJE deltok. Vi har trudd at begge har vore med kvart år sidan 2013, men etter å ha sjekka litt ser det ut som Røren har vore med kvart år sidan 2013 – og Rise sidan 2014. Vi klarer uansett ikkje å finne nokon som har vore i nærheita så jamne som desse to (men skrik gjerne ut dersom dette er feil). Men det kan vere Dag Snipsøyr er i nærheita her? I alle tilfelle er Dag med sine snart 72 år eldste påmeldte deltakar på anten halv eller heil (nokre i mosjonsklassa er eldre).

Vi kjem med ei eiga resultatliste for KM-delen av heilmaraton. Denne er ikkje ferdig enno. Det går også an å melde seg på KM i sekretariatet laurdag, men merk at du då MÅ melde inn kva klubb du representerer.

Alle foto: Hareid IL og/eller Stig Hole

Til slutt: Vel møtt laurdag! Vi gler oss!