27. april 2024

Gammal tradisjon tilbake: Herrelaga rangert i Møremegling Grendacupen 2023

I første del av 2000-talet var det ein tradisjon at Grendacup-laga vart rangerte frå botn til topp med korte kommentarar, utan omsyn til kven som er i gruppe med kven. Berre med omsyn med kven som ser best ut på papiret (og ikkje parketten). Den faste skribenten «Bygdedyret» har som vanleg eit litt tilfeldig forhold til fakta og sånn, men gjer likevel alltid sitt beste når det gjeld sjølve rangeringa.

Desse rangeringane brukte å stå i dei fysisk trykte programma ein fekk i inngangsdøra. Men i år er vi såpass oppe på tå at vi gjer dette digitalt.

(Vi rakk akkurat herrelaga før det vart juleferie her, vi prøver resten av laga ein dag eller to før turneringsstart. God jul!)

20. Benduskhan FC

Sist inn, men først ut av turneringa.

19. O2-snapparane

Skal ha for at dei prøver igjen og igjen, men ut frå årets stall er det nokre seinvakter på Hjellebakken, Biltema og Elkjøp sidan denne gjengen kunne ha vore ein kvartfinale-kandidat.

18. Humlegutta

Lar humla suse, men det betyr ikkje at dei kjem langt i Møremegling Grendacupen 2023 av den grunn.

17. Trygve’s Disipler

Har meldt på ein fyldig gjeng, sjølv om Trygve ikkje har fullt like mange disiplar som Jesus.

16. Siuuu

Har ingen aning om kva dei står for sportsleg, men etter å ha prøvd å melde på laget same dag som turneringa starta i fjor var i alle fall Daniel Jacobs og Co. tidleg på i år. Kan vere eit godt teikn.

15. Forræder

Men sjølv om Benjamin Slettebakk i si tid svikta resten av gjengen og flytta til Ulsteinvik, så har han likevel fått bli med på laget denne gongen også. Sjå opp for at Nikolay Sundgot snart har like mange drag opp Indredalen i haust som han hadde i løpet av ein heil fotballkarriere. Men elles ser det litt tynt ut utan Ruben Kenneth Brandal, som heller prioriterer å spele saman med kompisane sine denne romjula.

14. Skeideball

Torgeir Skeide har faktisk vunne Grendacupen sin herreklasse med to heilt forskjellige lag, men det blir neppe ein tredje gullpokal her. Hadde det vore tremannsfotball, som i Skeidehallen, hadde nok dette laget vore ein kvartfinale-kandidat, men når heile troppen består av høgrebackar blir det tøft.

13. Holemix

Det begynner å bli nokre år sidan Holemix sitt herrelag hevda seg no. Og då snakkar vi sjølvsagt ikkje om det sportslege, men om draktprisen. Men draktlageret Lars Roar Holstad tok med seg heim frå studiane i USA på slutten av 90-talet begynner vel snart å gå tomt no?

12. Skal vi danse?

Gjerne det, men først litt five-a-side-fotball. Laget har semifinale-erfaring frå i fjor (sjå lag 11), og definitivt meir framtid framfor seg enn lag 11, men litt tynn tropp?

11. One Last Dance

Var såpass gode i fjor (sjølv utan Fredrik) at dei vart seeda i år. Men det blir neppe Michael Jordan-takter av denne siste dansen her. Kanskje meir Rotlaus-aktig?

10. Kjellaug

Vi veit ikkje om ho Kjellaug Grimstad var interessert i fotball, men oldebarna har i alle fall blitt det. Kvartfinale-kandidat.

9. Møremegling/SBM

Som hovudsponsar har dei truleg mykje makt i turneringa, men skal det bli topp fire må dei nok kjøpe og betale dommarane også (som sponsar gjer dei kanskje det indirekte likevel?).

8. SIF +

Adolphus «AJ» Jacobs svevar framleis høgt etter å ha gjennomført éi trening og ein halv kamp med SIF i fjor vinter, eit lag som er omtrent 0,2 prosent betre enn Hareid. Men han knytta i alle fall nokre viktige kontaktar på opphaldet over fjorden. Blant anna møtte han Kim Alvestad på Moa på veg heim frå ei trening. Og saman har dei skrapa saman ein gjeng som kan overraske i årets turnering.

7. Kvil dej

Har gjort ein vri og henta nokre lure namn frå Hareid 2-miljøet, men skal dei kome til semifinale i år må Øyvind Hagen ha litt lenger lunte enn i fjor, då han fekk direkte raudt kort for eit raserianfall som skuldast at han ikkje fann mandelen i grauten nokre dagar i førevegen.

6. Hjøa

Delar av laget tok alle Hareid-trimpostane på under eitt døgn, så då burde jo eigentleg ei sosial romjulsturnering bli ein leik!

5. Brylkrem & Paracet

Det vart brått høgt brylkrem-budsjett då Nathaniel Brekke begynt å pendle med stresskoffert og airpods til Ålesund i haust. Kven på laget som er «Paracet» er meir usikkert, men vi går ut frå det er Håvard Øvrelid, som får hovudverk dersom ein garderobe-pep-talk overstig eitt minutt. Lagets attraksjon er uansett verdas eldste katt, Martin Løset, som ifølgje fotball.no har spelt til saman 29 kampar for tre forskjellige lag i år.

4. Kjekt de

Laget som under sterk tvil fekk den siste seedingsplassen. Det trass i at Henrik Hareide Holstad snart har blitt det same for Skafjellet og Risesætra som Dag Harald Moldskred har blitt for gangvegen i Hareidsdalen og Rotary-stien (før 07.00 om morgonane), og at Bastian Rasmussen har levd seg så oppriktig inn i hiphopen siste tida at han nektar å tru at Tupac Shakur er død. Han skal nemleg ha sett han rett utanfor hybelen sin i Oslo ein tidleg morgon i haust.

3. Urtedram

Urtedram er ikkje det sterkaste denne gjengen har drukke siste året. Spesielt ikkje at det skulle feirast at Håvard Knudsen Bjåstad fekk opprykk i Posten i haust, og at Joakim Berge Sæther kom seg meir heilskinna gjennom eit år i militæret i Nord-Norge enn ei halv veke med Kisse sine vintertreningar i fjor. Om Niko Brandal klarer å legge frå seg AC/DC-platesamlinga for nokre dagar i romjula kan Urtedram bli skumle.

2. Karanja

Alltid i toppen. Det store spørsmålsteiknet i år er at det ryktast at Ole Monrad Alme nedprioriterer Møremegling Grendacupen 2023 (sjølv om han nettopp har fått moderskipet deira som arbeidsgjevar), for å selje «Isflaket» frå dør til dør i Indredalen i romjula saman med faren.

Det som talar for at dette laget kan gå til topps i år er at det det begynner å haste for Martin Mork Breivik dersom han skal få tatovert inn Grendacup-trofeet på kroppen, sidan han snart ikkje har meir ledig hud igjen.

1. Startgass

Godt ut i ei forseinka 30-årskrise prøver Ruben Kenneth Brandal å riste liv i proffdraumen igjen, ved å prøve å vinne Grendacupen saman med barndomskameratane Andreas Televik og Isak Gabriel Skotheim.

På papiret er «Startgass» ei klart forsterka utgåve av fjorårets vinnarlag «Hardbarka alkisar FC» (framleis det verste namnet på eit Grendacup-lag nokon gong), sjølv om dei faktisk ikkje har klart å fylle opp utlendingskvota denne gongen – utruleg nok.

Det einaste som talar mot at dette laget vinn turneringa er at det består av ein gjeng som kan vere noko ustabile over tid, frå å slå Herd den eine dagen og tape 5-0 mot Volda 2 den neste. (Og ikkje det at Hødd har vore så stabile heller…) Og at spelande lagleiar Christian Nykrem Korshaug neppe har så mykje flaks igjen som han hadde i romjula i fjor, då han både vann Grendacup-lotteriet og rakk å få nokre sekund på parketten sjølv i løpet av turneringa.