26. april 2024

Opplev nye Hareid

Fredag 22. april skjer det. Då skal «nye Hareid» for første gong ut i offisiell kamp. Det skjer i 4. divisjonsopninga heime mot Rollon. Og vi håper sjølvsagt du og alle dine venner og kjende er på plass til kampstart klokka 18.30.

Hovudtrenaren er ikkje ny. Hans Gisle «Kisse» Holstad var også trenar ved serieopninga i 1979, 1994 og 2014, for å ta nokre døme på sesongar han har trena Hareid. Men elles er det mykje nytt på Hareid. Såpass at vi tør kalle mannskapet som tek imot Rollon «nye Hareid» (og det er ikkje for å konkurrere med facebookgruppa med same namn).

Det har vore ei svært vanskeleg oppkøyring for Hareid. Såpass må vi berre innrømme. Og vi kan ikkje snakke oss vekk frå at Hareid blir tippa som ein dumpekandidat også i år. Men håpet er sjølvsagt at laget kan spele seg varme utover i sesongen. Og kanskje også overraske i enkeltkampar før det. Det har skjedd før!

Eigentleg såg det veldig bra ut for Hareid i månadsskiftet februar/mars, med mykje folk på trening og gode tendensar i treningskampar. Men etter det har vinteren vore prega av skadar, sjukdom, skadar, mange baklengs i treningskampane, sjukdom, endå fleire baklengs i treningskampane og atter skadar.

Det betyr at vi neppe får sjå Martin Nikolai Longva i aksjon mot Rollon. Den solide midtstopparen har aldri fullført ein sesong for Hareid utan å bli årets spelar. Stoppartalentet Gabriel Olav Peterson har også stort sett mista heile oppkøyringa og er framleis ute. Ein annan stoppar, Håvard Knudsen Bjåstad, er så vidt tilbake i trening igjen. Men seriestarten kjem nok for tidleg på han. Det same gjer det nok for storspelaren Ruben Kenneth Brandal. Men ut i mai ein gong bør vel han vere klar igjen? Kanskje kjem også seriestarten for tidleg på Lars Roar Holstad, Oskar Solvang (ny frå Hareid 2) og Johannes Knardal, men vi håper desse karane også snart er i sving igjen.

Men la oss kik på dei karane vi sannsynlegvis ser i aksjon mot Rollon. Dei som vi er rimeleg sikre på startar er James K. Sjåstad (ny frå Hasundgot) og Joakim Berge Sæther (ny frå Hødd 2) på topp (i alle fall om det blir 4-4-2, formasjon har variert litt i vinter). Tre av dei fire midtbaneplassane går nok til William Valde Bigset, Kristoffer Stranden (ny frå Hødd 2) og fjorårstoppscorar Petter Haddal Worren. Ørjan Engen Grimstad og Oliver Sulebakk Sylte (ny frå Gjerdsvika) kjem nok til å danne stopparduoen. Gustav Bjørlykke Kløvning er heilt sikkert også inne i 11-aren, men det spørst om det blir som back eller midtbanespelar. Blir han back opnar det for ein av dei mange juniorane som har spelt i vinter på den eine kanten. Blir han midtbanespelar ligg det an til at veteranene Nauris Driksna og Ole André Kragset (comeback) kjempar om høgrebackplassen og ungfolane Daniel Pilskog og Christian Nykrem Korshaug om den venstre. Eventuelt at Driksna spelar på venstrebacken, som han har gjort mykje før. På keeperplass har det i vinter vore omtrent daudt løp mellom Herman Heimland og Nerijus Marcinkevcius (ny frå Bergsøy). Kven som blir førstekeeper verkar ope, om det ikkje framleis blir slik at dei skal spele ein omgang kvar.

Som de ser blir det uansett eit ungt og spennande Hareid-lag vi kjem til å få sjå i år. Treningskampane har vist at laget ikkje er heilt samspelt enno. Men det losna veldig i sluttfasen mot Hasundgot. Og held Hareid fram der kan det bli mykje underhaldande fotball på Hareidsmyrane stadion og Hareid stadion i år.

Til slutt ønskjer vi alle våre publikummarar vel møtt. Kjøp gjerne sesongkort når du kjem til første kamp. Det gjeld både til herre- og damekampane.

Vel møtt og girri, girri!