hareid_il_logo_135.png









 

28.07. A-laget: I morgon startar oppkøyringa

Hans Gisle Holstad og Vidar Vollsæter i Tyrkia.
Hans Gisle Holstad og Vidar Vollsæter i Tyrkia.

Etter siste vårkamp mot Emblem har Hareid a-lag hatt éi friveke og tre veker med såkalla sommartreningar.

07.07. Hugs a-lagets sommartreningar

Treningane går måndagar og onsdagar 18.30 dei tre neste vekene. Det er viktig å halde oppe forma i sommar, så vel møtt.

Vidar leiar treningane komande veke.

 

25.06. A-laget: Treningsopplegget i sommar

* Etter Emblem-kampen og ut veke 27: Fri
* Veke 28, 29 og 30: Treningar måndagar og onsdagar 18.30. 
* Frå og med veke 29 (måndag 29. juli): Oppkøyringa mot haustsesongen startar. Vi prøver å få til to treningskampar og kanskje ein treningsweekend, før første haustkamp mot Blindheim fredag 9. august.

NB. Tidlegare Hareid-spelarar heime på ferie o. l. må gjerne møte på sommartreningane.
NB 2. Det svært viktig å drive eigentrening i sommar.

29.04. A-laget komande veke

Måndag: Trening 19.30
(Tysdag: Juniorkamp)
Onsdag: Trening (truleg 11.00, Vidar og Ruben kjem tilbake til tidspunkt måndag)
Torsdag: Bortekamp mot MSIL. Tropp kjem etter onsdagstreninga.
(Fredag: Toarkamp)
Laurdag: Trening 11.00

01.04. Plan for a-laget resten av veka

Onsdag: Trening 18.00
Torsdag: Kamp mot Godøy. Tropp etter onsdagstreninga.
Fredag: HIL 2-kamp heime mot Aspøy. Oppmøte 17.40. Dei frå a-stallen som ikkje startar Godøy-kampen stiller. 
Laurdag: Trening 12.00

Hugs å melde inn evt. forfall til HGH. Evt. skadar mtp Aspøy-kampen må meldast inn tidleg til EOT.

21.03. A-laget framover

Torsdag 21. mars: Eigentrening
Laurdag 23. mars: Treningskamp heime mot Skavøypoll. Oppmøte 13.00. Tropp i kveld.
Måndag 25. mars: Trening 19.30
(Tysdag 26. mars: HIL 2 - Haddal for dei med lite speletid)
Onsdag 27. mars: Trening 18.00
Laurdag 30. mars: Trening 12.00
Måndag 1. april: Mogleg treningskamp mot FK Sykkylven

18.02. LGFK - Hareid onsdag

Då har vi fått melding frå Kåre Fjørtoft i LGFK at River Plate-kunstgraset likevel ser ut til å bli kampklart til onsdag. Dermed møtest LGFK og Hareid der ute til treningskamp med sannsynleg kampstart klokka 18.00. 

Meir informasjon etter a-treninga i kveld (som startar 19.30).

13.02. A-laget: Kampen går i Fosnavåg

Grunna baneforholda på Hareid går treningskampen mot Bergsøy fredag i Fosnavåg. Kampstart 18.30. Meir info torsdag føremiddag. Eventuelle forfall (andre enn VSM og JMM) må meldast HGH snarast.

09.02. A-laget: Spelarmøte måndag

A-spelarane er kalla inn til spelarmøte mellom 19.10 og 19.25 måndag. Det gjeld Tyrkia-turen. Ta med alle pengane som de har fått inn på kaffikoppsalet, pluss eventuelle koppar som ikkje er selde.

Det blir som vanleg trening 19.30.

17.01. A-laget: Viktig beskjed frå Hans Gisle

Frå og med neste veke av startar onsdagstreningane klokka 18.00, og ikkje 17.30 som hittil.

Måndagar og torsdagar blir det som før treningar 19.30. Dei helgane det er aktivitetar blir det gitt beskjed i god tid. Helga som kjem er det inne-KM for nokre, eigentrening for dei andre.

09.01. A-laget: Internkamp laurdag

A-laget legg inn ein internkamp laurdag førstkommande klokka 11.00 på Hareidsmyrane stadion. Alle som har vore med på treningane så langt må møte. Eventuelle forfall meldast til Hans Gisle Holstad.

02.01. Oppstart for dei eldste laga

* A-laget: Spelarmøte måndag 7. januar klokka 19.30 på klubbhuset. Deretter innetrening. Pre-oppstart med joggetur torsdag 3. januar klokka 18.00. Oppmøte i garderoben.
* Hareid 2: Trening søndag 6. januar 18.45-20.00 i Hareidhallen. Det blir eit kjapt spelarmøte i høve treninga for å lufte interessa for å stille lag i 2013.
* Damelaget: Spelarmøte måndag 7. januar klokka 18.45 (møterommet). Trening ute etter møtet.
* Juniorlaget: Trening søndag 6. januar 19.55-21.20. 
** Det er viktig å presisere at alle som er interesserte i å delta på desse laga må møte på årets første aktivitet, eventuelt gi beskjed til Hans Gisle Holstad (a-lag), Einar Orten Trovåg (HIL 2 og jr.), Marton Muren (jr.) eller Per Inia Brekke (damelag).

20.12. A-laget tek ferie

Dagens joggetur var den siste a-lagstreninga før juleferien. No skal dei fleste sikkert spele Grendacup og elles trene i Hareidhallen. I tillegg er det lov å ete godt...

Måndag 7. januar blir det spelarmøte og trening. Det kan også det hende det blir ei økt første veka i januar. Vi kjem med meir informasjon når det nærmar seg.

Inntil vidare ønskjer vi alle på og rundt laget ei flott jul.

14.12. Viktig: Spelarmøte for a-laget måndag

SYDEN.JPG

Kva: Spelarmøte for a-laget.
Tema: Treningsleir i Tyrkia, endeleg avgjersle.
Når: Måndag 17. desember 20.40-20.50
Kvar: A-lagsgarderoba 
Førebuingar: Alle må før møtet i så stor grad som mogleg finne ut om dei VIL og KAN reise på treningsleir mellom 13. og 20. mars. Treng du informasjon før møtet kontakt KA eller EOT.

Minner også om trening i Hareidhallen like etter møtet.

14.12. A-laget: Vaktliste for Grendacupen

Georg Rise Gaasø og Kevin Aarvik Hestholm gjorde ein stødig jobb som billettseljarar i fjor.
Georg Rise Gaasø og Kevin Aarvik Hestholm gjorde ein stødig jobb som billettseljarar i fjor.

Tradisjonen tru må dei som har vore med på a-laget i år hjelpe til under Grendacupen. Sjekk vaktlista og beskjedar frå lagleiinga.

23.11. A-laget: Trening måndag

Neste fellestrening for a-laget går måndag førstkommande klokka 21.00. Møt opp i god tid. Treninga går i Hareidhallen. 

Eventuelle forfall meldast til Hans Gisle Holstad. Telefon 700 92845.

12.11. A-laget: Spelarmøte 19. november

Frå presentasjonen av det nye trenarteamet. 19. november blir det fleire deltaljar om planane for komande sesong.
Frå presentasjonen av det nye trenarteamet. 19. november blir det fleire deltaljar om planane for komande sesong.

A-laget held spelarmøte på klubbhuset måndag 19. november klokka 19.30. Hans Gisle Holstad og resten av støtteapparatet vil orientere om opplegget for 2013-sesongen. Alle noverande spelarar må møte. Det same gjeld andre som har interesse i å høyre om dei spennande planane for komande sesong. Etter møtet blir det trening i Hareidhallen.

Vel møtt.

28.10. A-laget: Trening måndag

Vi kan ikkje love Thor-Ove Brekke og Co. så mange hovudduellar i Hareidhallen måndag kveld, men det blir gode moglegheiter for å få sveitta litt.
Vi kan ikkje love Thor-Ove Brekke og Co. så mange hovudduellar i Hareidhallen måndag kveld, men det blir gode moglegheiter for å få sveitta litt.

Det blir a-lagstrening i Hareidhallen måndag 20.50-22.10. Dette blir den første av nokre uoffisielle a-treningar før nyetrenarane tar over med sitt opplegg rundt 20. november. Det er ingen grunn til å kvile altfor mykje etter denne sesongen, så dei som vil halde forma ved like må stille. For å halde kontroll på kven som kjem så meld deg på treninga via facebookgruppa. 

Forhånd.123456Neste
INFOTAVLA

Oversikt treningstider Hareidhallen 2019/2020

Gjeld frå 1.oktober!

Sjå link under..

treningstider_hareidhallen_2019.pdf

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR