5. februar 2023

Mange på premiefest.

Dei yngste fekk vere med på å trekke ut dei seks gåvekortvinnarane i årets fjellorientering. Her er det Kine Leirbekk Husøy som dreg fram eit kart. Leiar av trimgruppa Bernhard Harkjerr kontrollerer. FOTO: LEIV ARNE GRIMSTAD, HAREID IL

Trass i ein viss nedgang i innleverte kart var det faktisk betre frammøte til premiefesten for Hareid IL sin fjellorientering i år enn i fjor. Festen vart halden på Hareid klubbhus torsdag 17. november.

Årets fjellorientering var den 33. i rekka. Roar Snipsøyr fekk takk og heider for å ha teke på seg vintervedlikehaldet av postane i ei årrekke. Deretter var det utdeling av årspremiane (pokalar og krystallar). Som avslutning vart 6 gåvekort a 500,- kroner uttrekte mellom dei som hadde levert inn kart og teke 12 eller fleire av dei 25 postane. Vinnarar i år vart: Torstein Holstad Sivertsen, Hege Sandnes, Torill Åker, Inger Johanne Drevland, Hildegunn Thomassen og Arne Dimmen.

Pokalvinnarar:

20 ÅR (4): Gunn-Bente Drevland, Gerd Lykstad, Otto Arne Røyset, Olav Jon Bjåstad.

15 ÅR (3): Linda Sørheim Bigset, Birgit Baade Sunde, Torstein Holstad Sivertsen.

10 ÅR (8): Arne Dimmen, Bjørn Harald og Grete Harkjerr, Margit Nytun, Jorunn Strande, Turid Sundal, Anders Hjelle Øiestad, Nathaniel Øvrelid Skeide, Mina Øvrelid Skeide.

5 ÅR (11): Grete Elvanes, Gunn-Berit Gjerde, Cassandra B. Hjelmtveit, Bjørn Sverre Holme Juliussen, Gullvald Kløvning, Dorthe Midtflø Moldskred, Knut Tandberg, Per-Arne Østrem, Kirsti og Per Øvrelid, Hege Sandnes, Stella Øvrelid Skeide.

Krystall-vinnarar:

Stor krystall(6): Jørund Vatne Eriksen, Katharina Hohfeld-Nesset, Alida Jonsrud Rise, Leander Jonsrud Rise, Tobias Jonsrud Rise, Robin Slettevoll,

Liten krystall (17): Sigrid Brandal Drevland, Erling Vatne Eriksen, Eik Hareide Hammervold, Emil Hareide Hammervold, Trym Hareide Hammervold, Theo Dimmen Haraldsvik, Cassandra B. Hjelmtveit, Mia Hoddevik, Kine Leirbekk Husøy, Oscar Elijah Leirbekk Husøy, Julie Sjåstad Kleppe, Johan Lien Kleppe, Nikolai Lien Kleppe, Andreas Midtflø Moldskred, Dorthe Midtflø Moldskred, Olav Hjørungdal Pilskog, Vilde Slettevoll.

Av 299 kjøpte kart vart 162 innleverte til registrering og premiering.

Trass i konkurranse med Stikk-Ut kjem trimgruppa til å satse på fjellorientering også i 2023.

Hareid IL Trim