24. august 2025

Tusen takk for ein kjempedag på Hareid

Forholda kunne ikkje vore betre (lett yr og solfritt). Ikkje idrettsgleda heller. Og jammen vart ikkje deltakinga den femte beste av dei 35 åra vi har arrangert Nordvest Maraton.

Det er berre å takke alle involverte for ein kjempedag på Hareid! Det skal alle deltakarar, arrangørarar og publikum ha æra for.

Heile 86 deltakarar på halvmaraton vart det. Plussar ein på 11 på heil enda vi på 97 deltakarar på dei to distansane vi har hatt alle åra sidan 1991. Berre i 1991, 1993, 1994 og 2020 var deltakartalet høgare.

Dessutan var det ein god gjeng som også deltok i mosjonsklassa, både eldre og svært unge.

Idrettsgleda, samhald og meistring var sjølvsagt i fokus. Sjå berre på kor glad Ingunn Barmen Melbø frå Volda friidrett var for å kome i mål her.

Men vi kan også skrive litt kjapt om det resultatmessige.

  • Karl Idar Vik frå Syvde IL var tilbake som vinnar på heilmaraton, tre år etter sist siger. I fjor vart han nummer to. Til saman vart det også Viks tredje KM-gull på heilmaraton på Hareid. (Foto av alle KM-vinnarane ligg på Facebook-profilen vår.)
  • Beste dame og også kretsmeister på heilmaraton vart Amanda Føleide frå Bergsøy IL. Med 3.36,02 landar heile oppe på fjerdeplass for dei beste dametidene i Nordvest Maraton si historie. Ikkje verst for ei som først begynt å springe i januar! (Meir om dette når vi får oppdatert statistikksidene.)
  • På halvmaraton for kvinner vart det ikkje tre strake sigrar til Jodi Brautaset frå Ørsta, som vart nummer to. Ho vart slått av Guro Dørum Kleiva frå Volda.
  • På halvmaraton for menn var det skyhøgt nivå i år. Har det skjedd i løpet si historie at fem karar sprang på 1.16.16 eller betre? Det tvilar vi nesten på. Ikkje uventa vart Sjur Haug vinnar. Det vart ikkje løyperekord, men berre 35 sekund bak Oddbjørn Skogen sin «uslåelege» rekord frå 1991 på 1.09.35 (Haug hadde frå før av også den nest beste tida nokon gong – også det kjem vi tilbake til når statistikken er oppdatert – melding kjem på Facebook når det er gjort).
  • Vi må også nemne at vår eigen Henrik Hareide Holstad vart nummer fire på den imponerande tida 1.15.13. Så vidt vi veit er dette den klart beste tida nokon frå Hareid IL har på halvmaraton på 2000-talet! (Sei gjerne frå om dette ikkje stemmer.) Utan å legge noko press på HHH så trur vi neppe han har sett sin siste pers på denne distansen.
  • Oppskriftmessig vart Jan Endre Rise og Einar Orten Trovåg nest beste og tredje beste frå Hareid IL på halvmaraton. Men vi må også nemne det gledelege i at Dag Harald Moldskred i sitt Nordvest-maraton lurte seg under 1.30.00! Ikkje verst i årsklasse 55-59 år!

Men alle som deltok i dag vart vinnarar. Det viktigaste er trass i alt å konkurrere mot seg sjølv og få ei god oppleving saman med andre. Det opplevde vi at mange hadde.

Så atter ein gong: tusen takk for frammøtet i dag alle som éin!

Merk at vi har lagt ut haugevis av foto på vår Facebook-profil Hareid IL Nordvest Maraton. Det kjem også meir her, i tillegg til at vi lenkar opp til det som kjem frå Kondis, Vikebladet Vestposten etc.

Merk også at det ikkje var alt som glei like lett under premieutdelinga. Vi har alt fått melding om at nokon har fått feil pokal. Men klubbadministrasjonen tek ei runde på måndag og svarer dei som har sendt oss melding – og sørger for at alt blir korrekt til slutt.

Alle resultat.

Takk for i år og god helg vidare!