Skriv ut

02.02. Hareid G14 vann årets første kamp

hareid_g14_2020-sesongen.jpg

Forrige torsdag spelte Hareid G14 sin aller første 11-ar kamp. Det var med det mykje nytt for fleire av spelarane, men det stoppa ikkje Hareid frå å vinne med 6-5 over Hødd.

Det var Hareid G14 som tok initativet i deira første treningskamp for sesongen. Dei tok tidleg leiinga mot Hødd, og heldt den faktisk heile vegen inn. Bartek Balawender debuterte i denne kampen i posisjonen sentral midtbane. Det viste seg å vere eit genitrekk frå hovudtrenar Johs Christian Riise. Bartek var nemleg uten tvil kampens store spelar, og scora enten tre eller fire mål (her seier visse kjelder tre mål, og andre fire). Den andre Hareid-spelaren som noterte seg på målscorarlista var lagets yngstemann, Victor Peterson, med då enten to eller tre mål. 

Men det var fleire enn målscorarane som spelte ein god kamp. Blant anna so fortjenar keeper Eskil Grimstad Kirkebø skryt etter nokre fantastiske redningar. Det same gjer to spelarar som debuterte for Hareid denne kampen, Even Korsnes og Peter Pilskog. Begge kjem frå Hjørungavåg IL, og blir viktige spelarar for G14 denne sesongen. I tillegg fortjenar Ragna R. Grimstad og Oline Røyset skryt for endå ein god kamp med gutane.

Kampen endå som sagt med 6-5 siger, men på slutten blei det spennande då Hareid prøvde seg på fleire ulike taktiske variantar. Sjølv om resultatet aldri er det viktigaste i ein treningskamp, so er det alltid kjekt og vinne (og kanskje spesielt mot Hødd). Det gir forhåpentlegvis mykje motivasjon i treningsarbeidet og treningskampane fram mot sesongstart.

Bra jobba Hareid G14! Girri, girri!