Skriv ut

25.01. TAP MOT HASUNDGOT, MEN MYKJE POSITIVT Å TA MED SEG

img-8687.jpg

For dei fleste Hareids-lag er det endå lenge til kampane byrjar, men for G16 so byrja årets kampsesong midt i januar. I dag spelte dei nemleg sin andre kamp i kvalikkserien til 1. divisjon, denne gangen mot Hasundgot.

Dagens kamp i Sparebanken Møre Arena mot Hasundgot var som sagt Hareid G16 sin andre kamp i årets kvalikkserie til 1. divisjon. På tirsdag spelte dei nemleg heime mot Giske. Den kampen enda dessverre med eit surt 2-1 tap.

Det var difor ein revansjelysten gjeng som møtte Hasundgot i dag. Men sjølv om Hareid viste ein del positive tendensar under opninga av kampen var det Hasundgot som fekk den beste starten. For etter ti minutt spelt blei det slått eit innlegg mot bakre stolpe i Hareid sin 16-meter. Der venta ein Hasundgot spelarar, som då hadde ein enkel jobb med å heade ballen i mål, til 1-0 leiing.

Etter målet tok Hareid meir og meir kontroll over kampen, og i perioda før og etter pausa styrte Hareid det aller meste av spelet. Men Hareid sleit med å skape dei heilt store sjansane, og i staden auka Hasundgot leiinga til 2-0 fem minutt før slutt. 

Det var også stillinga då dommaren blåste av, og det blei med det eit tap for Hareid G16. Men med tanke på at Hareid mangla fleire nøkkelspelarar, og at spelet i perioder var bra, so er det mykje positivt dei kan ta med seg og bygge vidare på fram mot dei to neste kampane mot Aksla og Guard. 

Girri, girri!

Lagoppstilling: Stian Roset - Hilde Årsbog Bjåstad, Daniel Hüttner Pilskog, Gabriel Olav Peterson, Iben Andre Breivik - Laurits Dimmen Riise, Magnus Teige, Andreas Knardal, Christoffer Ottesen, Victor Peterson - Benjamin Riise Erdal