Skriv ut

15.01. DETTE ER DAMELAGET SITT NYE TRENARTEAM

Frå venstre: Ruben-Kenneth Brandal, Bård Grimstad, Kjell Arne Øvrelid og Anders Riise.
Frå venstre: Ruben-Kenneth Brandal, Bård Grimstad, Kjell Arne Øvrelid og Anders Riise.

A-laget for damer får eit solid trenarteam og støtteapparat i 2020. 

- Hovudtrenar blir Bård Grimstad, medan Kjell Arne Øvrelid tek rolla som hjelpetrenar. Ørjan Engen Grimstad skal vere hjelpetrenar på begge a-laga, men detaljane her er ikkje klare enno, seier leiar i Hareid IL Fotball, Anders Riise, til Hareid-sida.

Riise opplyser vidare at Lena Hansen blir lagleiar. Cecilie Skeide skal også ha ei rolle rundt laget.

I 2019 var det Anita Waage og Bård Grimstad som trena laget, men Waage flytta etter sesongen.

Kontinuiteten skulle uansett vere veldig bra for laget som har blitt betre og betre dei siste åra.

- Vi er veldig glade for denne løysinga, seier Anders Riise og sportsleg leiar Ruben-Kenneth Brandal i ein kommentar. 

*

Bård Grimstad har trena ei rekkje forskjellige lag i Hareid IL. Han har rundt 20 års erfaring som tillitsvalt totalt sett.

Kjell Arne Øvrelid har trena lag både i Hareid IL og Hjørungavåg IL i fleire år.

Ørjan Engen Grimstad har trena både smågutelag og guttelaget til Hareid IL, i tillegg til damelag i Trondheim.

Det blir elles meldt om bra frammøte på treningane så langt i år. Sist var det 17 som møtte.

Trenarteamet håper også at det kjem endå fleire i tida som kjem - og gjerne spelarar med litt erfaring.

Det er nemleg planlagt å stille både a-lag i 3.-divisjon og eit sjuarlag.

Treningane går måndagar kl. 18.00, onsdagar kl. 19.30 og søndagar kl. 18.00. 

Anders Riise og Ruben-Kenneth Brandal seier at dei også håper på oppsving for jentefotballen i Hareid IL i 2020. 

Dei siste åra har det blitt stadig færre jentelag, men ein såg betring på tampen av 2019 - og ein håper no trenden har snudd.