Skriv ut

20.08. G10 starta haustsesongen med kanonkamp

68723790_508081886606389_5649731312668377088_n.jpg

Kanonstart for gutar 10 år "Hareid Tornado" på heimebane i ettermiddag. Karane tok i mot bortelaget MSIL i ekte fotballvér (ei skikkeleg bløyte), og blei tatt litt på senga av 2 kjappe mål i mot seg. Men etter å ha rista av seg sommarferiedvalen ga dei jernet og snudde kampen med tempo, vilje og samspel!