Ekstraordinært årsmøte

Postet av Hareid Idrettslag den 26. nov 2026

Til medlemmar i Hareid Idrettslag
 
Styret kallar med dette inn til ekstraordinært årsmøte i Hareid IL.
Årsmøtet vert halde 09.desember 2026 kl.18 på møterommet på klubbhuset, Myravegen 12.  


Sakliste for årsmøtet:  
1. Godkjenne dei som har røysterett
2. Val av dirigent (ar)
3. Val av protokollførar (ar)
4. Velje to medlemmar til å underskrive protokollen
5. Godkjenne innkallinga
6. Godkjenne sakliste
7. Godkjenne forretningsordenen
8. Eventuell utmelding av volleyballforbundet


Med helsing  
Hovudstyret i Hareid IL