Vi startar Hareid IL sin digitale gjenbruksmarknad!

Postet av Hareid Idrettslag den 30. okt 2026


Resport er ein heilt ny app for kjøp og salg av brukt idrettsutstyr og klubbtøy, og vi er stolte av at Hareid IL er blant dei aller fyrste klubbane som tek den i bruk.


Vi oppfordrar difor alle medlemmane i Hareid IL til vårt digitale gjenbruksmarknad.
Har du utstyr eller klubbtøy liggande som ikkje lenger er i bruk? Det kan hjelpe ein lagkamerat!
📱 Last ned Resport
🔎 Bli med i Hareid IL
👟 Legg ut utstyr eller klubbtøy du ikkje bruker
🎁Ver med i trekninga av eit universelt gåvekort på 2.000kr


Saman gir vi utstyr lengre levetid, gjer idretten rimelegare og støttar Hareid IL! ❤️


Last ned: Resport.no/app



Årsmøtepapir Hareid IL – 26. mars 2025

Postet av Hareid Idrettslag den 24. mar 2025

Hovudstyret

Fotball

Turn

Friidrett

Handball

Trimgruppa

Nordvest Maraton

Badminton

Vedlegg:




Hareid IL søkjer ny klubbsekretær

Postet av Hareid Idrettslag den 1. feb 2025

Hareid Idrettslag søkjer ein engasjert og strukturert klubbsekretær/marknadsansvarleg. I utgangspunktet er dette ei 50% stilling men det kan vurderast å auke dette til 100% for rette kandidaten.

Vi ser etter ein person som brenn for idrett og fellesskap, og som kan bidra til å styrke våre relasjonar med sponsorar og andre samarbeidspartnarar.

Arbeidsoppgåver:

  • Utvikle og implementere strategi for sponsorarbeid og samarbeid med næringslivet
  • Administrere klubbens daglege drift og rutinar
  • Kommunisere med medlemmar, trenarar og samarbeidspartnarar
  • Handsame økonomi, rekneskap og budsjettering
  • Organisere møter, arrangement og aktivitetar
  • Bidra til rekruttering av medlemmar og utvikling av klubben
  • Vedlikehalde klubbens nettsider og sosiale medium

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring med sponsorarbeid og nettverksbygging er ein fordel
  • Relevant utdanning eller erfaring innan administrasjon, idrett eller marknadsføring
  • God kunnskap om rekneskap og budsjettoppfølging
  • Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
  • Organisatoriske ferdigheiter og evne til å prioritere arbeidsoppgåver
  • Kunnskap om digitale verktøy og sosiale medium

Vi tilbyr:

  • Eit spanande og variert arbeidsmiljø i ein aktiv idrettsklubb
  • Mogelegheit for personleg utvikling og fagleg påfyll
  • Lønn etter avtale 

Søknad sendast til til leiar@hareidil.no innan 20.02.2025.

Om du har spørsmål kan du kontakte styreleiar Audun Ulstein på tlf 9770 6399.

Hareid IL er ein inkluderande klubb som ynskjer å vere ei positiv kraft i lokalsamfunnet. Vi oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av bakgrunn.

Velkomen til Hareid IL – der idrettsglede møter fellesskap!




Siste dag for Thobias

Postet av Hareid Idrettslag den 26. sep 2024

Vår daglege leiar Thobias Thon hadde sin siste arbeidsdag for Hareid IL i dag. Han går vidare til nye utfordringar i Odda IL og vi i hovudstyret takkar han for innsatsen han har gjort for Hareid IL og ynskjer han lukke til vidare!




Protokoll fra ekstraordinært årsmøte

Postet av Hareid Idrettslag den 10. mai 2024

Vedlegg: