Vi startar Hareid IL sin digitale gjenbruksmarknad!

Postet av Hareid Idrettslag den 30. okt 2026


Resport er ein heilt ny app for kjøp og salg av brukt idrettsutstyr og klubbtøy, og vi er stolte av at Hareid IL er blant dei aller fyrste klubbane som tek den i bruk.


Vi oppfordrar difor alle medlemmane i Hareid IL til vårt digitale gjenbruksmarknad.
Har du utstyr eller klubbtøy liggande som ikkje lenger er i bruk? Det kan hjelpe ein lagkamerat!
📱 Last ned Resport
🔎 Bli med i Hareid IL
👟 Legg ut utstyr eller klubbtøy du ikkje bruker
🎁Ver med i trekninga av eit universelt gåvekort på 2.000kr


Saman gir vi utstyr lengre levetid, gjer idretten rimelegare og støttar Hareid IL! ❤️


Last ned: Resport.no/app



Hareidlandet Bakgårdsløp - stor suksess

Postet av Hareid Idrettslag den 21. sep 2026

Dei sprang og dei sprang!

Klokka 10 gjekk startskotet for 30 deltakarar på den 6,7 kilometer lange rundløypa! Frå Hadarhallen gjekk løypa fram Rotarystien, ned Kvitholen, på utsida av stadion og inn att i hallen, før det var klart for ein ny start kvar heile time.

Nokre sprang ein halvmaratondistanse, medan andre tok utfordringa heilt ut og sprang maraton. Men for sju av deltakarane var ikkje det nok: Innan klokka 22 laurdag kveld hadde dei fullført alle dei 12 rundene. Det vil seie over 8 mil med løping!

Vi applauderer samtlige deltakarar for ein imponerande innsats og gratulerer så mykje til Joakim Sæther og Ingrid Kleiven med sigeren samanlagt, og Patrick Kvalsvik Uttakleiv med spurtsigeren i den aller siste runda!

Tusen takk til alle som deltok og bidrog til ein flott løpedag! 👏🏃‍♀️🏃‍♂️

Resultatliste: Resultatliste Bakgårdsløp 2026








Hareidlandet Bakgårdsløp nærmar seg

Postet av Hareid Idrettslag den 15. sep 2026

Et bilde som inneholder tegning Automatisk generert beskrivelse 


Hareidlandet Bakgårdsløp

Hareidlandet Bakgårdsløp blir arrangert av Hareid IL Friidrett og Hareidlandet Triatlon. Eit samarbeid mellom to organisasjonar som ønsker å skape aktivitet på Hareidlandet.

Hareidlandet Bakgårdsløp er av typen ultraløp, som av definisjon er løp som er lengre enn eit maraton,-altså eit løp som er lengre enn 42 195 meter!! Vår utgåve er eit løp med ei runde på 6.71 km der ein spring så mange runder ein klarer, med ny start kvar heile time, men maks 12 runder. Fullfører ein 12 runder, har ein sprunge 80.52km!

Laurdag 19.september har du sjansen! Starten går kl 10 i Hadarhallen. Tek du utfordringa?

Påmelding foregår via RaceTracker: https://www.racetracker.one/.../hareidlandet.../registration

Håper å sjå deg der! Heiagjengen er også velkomen!


Ved spørsmål ta kontakt med: Hareidlandettriatlon@gmail.com eller Friidrett@hareidil.no

 

Løypa går i fine omgjevnader på Rotarystien og Kvitholvegen

 

Hareid IL

Fellesskap - Meistring – Ærlegheit

Hareidlandet Triatlon

 Samhald - Meistring - Begeistring




Deltakarliste, tidsskjema og funksjonærliste Hadarleikane

Postet av Hareid Idrettslag den 11. jun 2026

Her finn du deltakarlista til Hadarleikane laurdag 13.juni





Påmeldinga til Nordvest Maraton har opna

Postet av Hareid Idrettslag den 28. jul 2025

Den 35. utgåva av Nordvest Maraton 23. august nærmar seg med stormskritt.

No har vi opna for førehandspåmelding til det populære løpet.

Du finn all mogleg informasjon om løpet og påmeldingsskjema under Nordvest Maraton i menyen over her på hareidil.no.

Du kan også melde deg på direkte i skjemaet her.