
Slik handterer vi varsel i idrettslaget
1. Motta
Vi tek alle varsel på alvor.
- Vi mottek varsel skriftleg eller munnleg
- Vi dokumentar kva, kvar og når det har skjedd, og kva idretten sine reglar handlinga er eit brot på
- Vi samlar relevant dokumentasjon
- Både varslar og den det blir varsla om blir ivaretekne.
2. Avklare
Vi vurderer kva type sak dette er.
- Er dette eit varsel om kritikkverdige forhold?
- Skal saka behandlast hos oss eller sendast vidare?
- Må politiet eller andre involverast?
- Er det behov for midlertidige tiltak?
- Vi har dialog med rådgjevar i NIF
3. Undersøke
Vi kartlegg fakta på ein trygg og rettferdig måte.
- Vi har samtale med varslar
- Vi har samtale med utsett dersom dette er ein anna enn varslar
- Vi har samtale med eventuelle vitner/andre
- Vi har samtale med den det er varsla om
- Vi hentar inn dokumentasjon
- Vi loggfører heile prosessen
4. Konkludere
Vi vurderer saka og fattar vedtak.
- Vi gjer ei vurdering og konkluderer opp mot idretten sitt regelverk
- Vi bestemmer eventuell reaksjon
- Vi sender eventuelt saka vidare til behandling i overordna organ
- Vi har dialog med rådgjevar i NIF
5. Oppfølging
Vi sørger for god avslutning og vidare oppfølging.
- Vi gir informasjon til berørte partar
- Vi gjennomfører vedtak
- Vi sørger for trygg lagring og konfidensiell handtering
- Vi evaluerer
- Vi har dialog med rådgjevar i NIF