VARSLING
Trygg varsling i idretten og i Hareid IL
Vi ønsker å få vite om kritikkverdige forhold i idrettslaget, og at du seier ifrå om du opplev noko som bryt med vårt reglement, verdiar, etiske levereglar og retningslinjer. Du finn skjema for sending av varsel i knappelenka under.
Mitt Varsel
Vi brukar portalen Mitt Varsel som er Norges idrettsforbund sitt elektroniske system for varsling. Du kan her velje å varsle med namn, eller vere anonym. Det er styreleiar og nestleiar i Hareid IL som mottek varsel som kjem inn til idrettslaget. Om du er usikker på om det du sit med er eit varsel, så kan du kontakte styreleiar direkte på telefon eller e-post. Om varselet omhandlar styreleiar kan du sende varselet til nestleiar som er Elin Vassbotn Øvrelid.
Saksbehandling i Hareid IL
Alle saker om varsel som kjem til idrettslaget blir behandla av styreleiar og nestleiar i hovudstyret. Dersom styreleiar og eller nestleiar er inhabil, vil styreleiar oppnemne andre saksbehandlar. Alle som behandlar varslingssaker har teieplikt.
Vil du vite meir om kva Mitt Varsel er?
- For meir informasjon om varsling, klikk her https://www.idrettsforbundet.no/tema/varsling/
- Vil du hjelpe ein som vil varsle, klikk her https://www.idrettsforbundet.no/tema/varsling/jeg-skal-hjelpe-en-varsler/
- Er du usikker på kva ein kan og bør varsle om, klikk her https://www.idrettsforbundet.no/tema/varsling/mer-om-tema/
Rådgjevarar i Møre og Romsdal idrettskrins kan kontaktast ved generelle spørsmål om varsling i idretten. Du finn kontaktinformasjon her: https://www.idrettsforbundet.no/tema/varsling/jeg-vil-varsle/radgivning-om-a-varsle/
Ellers kan du lese meir om trygg idrett her, https://www.idrettsforbundet.no/tema/tryggidrett/
Og rettleiar for behandling av ei varslingssak: https://www.idrettsforbundet.no/contentassets/9d2c0f447d8c4b73913e78e2cd272322/veileder-for-behandling-av-en-varslingssak-18.04.23.pdf
Kontaktinformajson til styreleiar
Odd Arve Riise
Telefon: 916 07 080
E-post: leiar@hareidil.no
Kontaktinformasjon til nestleiar
Elin Vassbotn Øvrelid
Telefon: 911 51 140
E-post: elinvoe@outlook.com