Innkalling til årsmøte Hareid IL
Postet av Guro Kalvø Vattøy den 26. Feb 2026
Innkalling årsmøte Hareid IL

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Hareid Idrettslag 25. mars 2026 kl.18 i Festsalen på klubbhuset, Myravegen 12.
Sakliste for årsmøtet:
1. Godkjenne dei som har røysterett
2. Val av dirigent (ar)
3. Val av protokollførar (ar)
4. Velje to medlemmar til å underskrive protokollen
5. Godkjenne innkallinga
6. Godkjenne sakliste
7. Godkjenne forretningsordenen
8. Handsame årsmeldinga frå idrettslaget
9. Handsame rekneskapen til idrettslaget, den økonomiske meldinga til styret, meldinga frå kontrollutvalet og meldinga frå revisor.
10. Handsame forslag og saker
11. Fastsette medlemskontingent og treningsavgift
12. Vedta budsjett til idrettslaget
13. Handsame forslaget om å utvide hovudstyret med ein representant
14. Gjere følgjande val:
a) Styre med leiar, nestleiar, 3-6 styremedlem og 2 varamedlemmar
b) Kontrollutvalet med 2 medlemmar og minst 1 varamedlem
c) Representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gje styret fullmakt til å nemne opp representantar
d) Valnemnd med leiar, to medlemmar og eit varamedlem
e) Eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget:
15. Engasjere revisor til å revidere rekneskapen til idrettslaget.
Saker som ein ynskjer handsama må vere styret i hende innan 11.mars 2026
Årsmøtedokumenta vert tilgjengelege på hareidil.no seinast 18.mars
Med helsing
Hovudstyret i Hareid IL
Siste fra Guro Kalvø Vattøy
Velkommen til handballskule
10.02.2026
�� Gratulerer, Jonathan! ⚽️
19.12.2025
Julehelsing og nyheitsbrev frå Idrettslaget
18.12.2025
Årsmelding fotball
26.11.2025
Vinnarar av haustlotteriet
26.11.2025