FORSIKRING

Barneidretts- og klubbforsikring (0-12 år)

Alle barn som er medlem i lag tilslutta Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF), eller som deltek i organisert aktivitet i regi av klubben/laget, er forsikra gjennom Gjensidige si barneidrettsforsikring.

Forsikringa gjeld for barn fram til den datoen dei fyller 13 år.

Forsikringspremien blir betalt av NIF.

Kven forsikringa gjeld for:
a) Medlemmer av lag tilslutta NIF
b) Deltakarar på idrettsskular godkjende av NIF
c) Barn som ikkje er medlem av lag/klubb, men som deltek i organisert aktivitet i regi av klubben/laget
d) Barn med nedsett funksjonsevne er òg omfatta av forsikringa
e) Flyktningar/asylsøkjarar er omfatta av dekninga for behandlingsutgifter, sjølv om dei ikkje er medlem av norsk folketrygd
f) Trenarar, leiarar og oppnemnde dommarar som bidreg ved organisert aktivitet for barn under 13 år
g) Forsikringa gjeld i heile verda

Kva forsikringa gjeld for:
a) Idrettsskade er skade på kroppen som oppstår plutseleg og uventa, og som skjer i forsikringstida i samband med organisert idrettsutøving
b) Ulykkesskade er skade på kroppen som kjem av ei plutseleg ytre fysisk hending – eit ulykkestilfelle – som skjer i forsikringstida under reise og opphald i samband med organisert idrettsutøving

Kvar/når forsikringa gjeld:
Forsikringa gjeld under organisert idrettsutøving innan den idretten forsikringsavtalen omfattar, samt under treningsøvingar som naturleg høyrer saman med denne i regi av klubben.

Korleis melde frå om ein idrettsskade?
Alle skadar må meldast elektronisk. Meld skade her: https://www.gjensidige.no/meld-skade/idrettsforsikring 

Idretten sin skadetelefon:
All diagnostisering og behandling utover akuttbehandling skal bestillast gjennom Idretten sin skadetelefon. Dersom dette ikkje blir gjort, fell retten til erstatning bort: https://www.idrettshelse.no/next/page/om-skadetelefonen 

Ungdom og seniorforsikring

For ungdom frå 13 år og eldre gjeld ei noko anna forsikringsordning enn for barneidretten.

1. For det første må medlemskontingenten til idrettslaget vere betalt for at forsikringa skal vere gyldig. Ein er først rekna som medlem når kontingenten er betalt. 

2. For det andre varierer ordninga noko frå idrett til idrett: I fotball ligg forsikringa i treningsavgifta, men spelaren må både ha betalt medlemskontingent og vere registrert i FIKS. I handball, friidrett og turn må ein i tillegg til betalt medlemskontingent også kjøpe eigen lisens.

Dersom desse krava ikkje er oppfylte, er ein verken forsikra eller speleberettiga. Dette gjeld både for trening og kamp/konkurranse.