Sei ifrå!

Vi skal vere eit trygt idrettslag. Sei ifrå dersom du, eller nokon andre, opplever mobbing, diskriminering, trakassering eller overgrep.

Korleis seier du ifrå?

Du kan seie ifrå anten skriftleg eller munnleg til ein ansvarsperson i idrettslaget. Dersom du synest det er vanskeleg å seie ifrå aleine, kan du be om hjelp frå ein du stolar på. Du kan til dømes:

  • Fortelje det til ein ansvarsperson du har tillit til på trening

  • Ringe leiar i idrettslaget eller leiaren i gruppa du trenar med (tlf leiar: 977 06 399, kontaktinfo til gruppeleiar ligg på heimesida) 

  • Sende e-post til leiar i idrettslaget: leiar@hareidil.no 

Dersom du er usikker og ønsker meir informasjon før du varslar, kan du og ta kontakt med Roar Lervik   
(e-post: roar.lervik@idrettsforbundet.no, telefon: 992 70 638) i Møre og Romsdal idrettskrets for råd og hjelp.

Kva skjer når du seier ifrå?

Vi følgjer opp alle saker, og det er hovedstyret i idrettslaget som har ansvar for å handtere varselet. Du vil få stadfesting på at varselet er motteke, og vi vil halde deg oppdatert om kva som skjer vidare.

Dersom du ønskjer meir informasjon eller raskare tilbakemelding, kan du ta kontakt med personen du varsla til og be om meir informasjon. Ta også kontakt dersom du kjenner deg utrygg eller er usikker på prosessen. Som varslar er det viktig at du kjenner deg ivareteken og blir møtt på ein god og respektfull måte.

For meir informasjon om varsling, og handtering av varslar, kan du besøke NIF sine heimesider. Der finn du nyttige rettleiingar og informasjon: https://www.idrettsforbundet.no/tema/varsling/