VERDIAR OG HALDNINGAR I HAREID IL

Fellesskap, meistring og ærlegheit
Verdiane til idretten er det som gjer den unik. Dei seier noko om kven vi er, og kva vi ønskjer å stå for, gjennom idrett, kommunikasjon og handlingar. Verdiane er så sterke at dei kan bli «personlegheita» til idrettsorganisasjonen, slik vi ønskjer å bli oppfatta. Summen av handlingane våre og kulturen vår er omdømmet vårt.
Fellesskap:
Det betyr at vi er ein organisasjon som ser alle, skaper tryggleik og tek vare på kvarandre. Vi står saman. Idrettsfellesskapet er ope og inkluderande, og gir både tilhøyrsle og identitet. Idrett er for menneske som har funne saman om ein aktivitet, i eit fellesskap, i eit idrettslag. Ein idrett prega av samarbeid og fellesskap, inviterer inn alle, uavhengig av bakgrunn eller økonomi, og viser respekt for alle. Når vi jobbar saman, lærer vi av kvarandre og gjer kvarandre betre. Dei som står saman, får til meir.
Verdien speglar mangfaldet i samfunnet og i lokalmiljøet. Fellesskap betyr òg nulltoleranse for diskriminering og trakassering på alle nivå i norsk idrett.
Meistring:
Meistring handlar om utvikling, både for utøvarane og for organisasjonen. Meistring er å ta små steg i retning av måla våre og stadig bli litt betre. Som verdi betyr meistring å vere nysgjerrig, målretta og open for endring. Det handlar om å lære nye ferdigheiter, ta utfordringar og klare dei. Meistring gir både idrettsglede og personleg utvikling. Når vi legg til rette for meistring uansett nivå, blir fleire med lenger. Ved å anerkjenne innsats og sørgje for at barn og unge får kjenne på meistring i leik, på trening og i konkurranse, legg vi grunnlaget for livslang idrettsglede, og fleire gode opplevingar og prestasjonar.
Ærlegheit:
Ærlegheit handlar om openheit, tillit og truverdigheit. I idretten må vi vere ærlege, både med oss sjølve og med kvarandre, og stå for like vilkår. Ein ærleg idrett seier nei til doping, juks og manipulering av konkurransar. Ærlegheit er Fair Play: for konkurransane, for idretten og for organisasjonen. Det betyr ein kultur med openheit, godt leiarskap og rom for diskusjon, også når vi er usamde.
Ærlegheit krev vilje til å ta opp etiske og vanskelege spørsmål. Det betyr at norsk idrett kan stå rakrygga, lære av eigne erfaringar og vere ein pådrivar for utvikling og forbetring. Ærlegheit handlar òg om demokrati, respekt for avgjerder og ei sunn utvikling som kjem fellesskapen til gode. Ærlegheit er ei tydeleg stemme for verdiane i norsk idrett, både nasjonalt og internasjonalt. Ærlegheit er òg ein prestasjonsverdi.
Ein inkluderande og likeverdig idrett
Idretten skal vere ein inkluderande arena der alle er like mykje verd, kjenner tilhøyrsle og opplever gjensidig respekt. Vi skal spegle mangfaldet i samfunnet og aksepterer ikkje negativ diskriminering. Alle skal, uavhengig av føresetnader og ambisjonar, få delta i og påverke avgjerder som gjeld dei.
Ein trygg idrett
Idretten skal vere ein trygg arena der vi tek vare på kvarandre, og der alle blir sette, høyrde og kan vere seg sjølve. Vi har nulltoleranse for alle former for mobbing, trakassering, vald og overgrep.
Ein ærleg idrett
Idretten skal vere ein arena der vi er ærlege, redelige og har god rolleforståing. Vi vurderer eiga habilitet, viser vilje og evne til å drøfte etiske dilemma, og har rom for diskusjon og usemje i openheit.
Ein rettferdig idrett
Idretten skal vere ein rettferdig arena utan juks eller manipulering, der alle opplever fair play og respekt for resultat. Vi seier nei til gode og fordelar som kan oppfattast som utilbørlege, og set ikkje pengar på eigne kampar og konkurransar.
Ein sunn idrett
Idretten skal bidra til deltaking for flest mogleg lengst mogleg, og til ei sunn utvikling av heile mennesket. Vi skal fremje fysisk og mental helse gjennom leik, meistring og fellesskap, eit positivt forhold til mat, kropp og vekt, og eit idrettsmiljø som set helse framfor prestasjon.
Ein rein idrett
Idretten skal vere rein, fri for doping og rus. Vi vil ha ein idrett med like konkurransevilkår utan manipulering og uredeligheit.
Ein demokratisk idrett
Idretten skal byggje på demokratiske prinsipp der alle medlemmar har rett til å vere med, til å ytre seg og bli tekne på alvor. Vi viser lojalitet til demokratiske prosessar og vedtak som er gjorde, samstundes som vi vernar mindretalet.
Ein open idrett
Idretten skal vere ein open organisasjon med tilgjengeleg informasjon om vedtak og prosessar. Vi fremjar samhandling, læring og delingskultur, og lyttar til heile organisasjonen gjennom dialog, medverknad og høyringar.
Ein godt styrt idrett
Idretten skal vere ein organisasjon som legg vekt på etiske standardar, godt styresett og berekraftige løysingar. Vi forvaltar fellesskapets ressursar med respekt, arbeider mot korrupsjon, og tek omsyn til klima og miljø i all vår verksemd.