Ny sponsoravtale med Evotec

Postet av Guro Kalvø Vattøy den 5. Mai 2026

Evotec har signert ein ny sponsoravtale med Hareid IL!🎉
 
Dette er ein avtale som strekker seg over dei neste tre åra. Det bidreg til å sikre stabilitet og gode rammer for aktivitet, utvikling og idrettsglede for alle i klubben  Vi set stor pris på tilliten og engasjementet frå Evotec, og ser fram til eit godt samarbeid i åra som kjem!😍


Evotec seier dette til ny avtale: 
«Evotec er glad for å kunne støtte Hareid IL i alt arbeidet dei gjer for å skape aktivitet for store og små i sitt lokalmiljø. Å skape aktivitet der vi bur er heilt avgjerande for å ha levande lokalsamfunn, og dette ønsker vi å bidra til.»