Julehelsing og nyehitsbrev frå Idrettslaget

Postet av Guro Kalvø Vattøy den 18. Des 2025


🎄🌟Julehelsing og nyheitsbrev frå idrettslaget🌟🎄


💬Helsing frå dagleg leiar


Kjære medlemmar, frivillige, trenarar, lagleiarar, føresette og samarbeidspartnarar,
Når vi no nærmar oss slutten av eit aktivt og minnerikt år, ønskjer eg å sende ei helsing til alle som er ein del av Hareid IL-familien.
Sidan eg tok til som dagleg leiar i juni, har eg fått eit halvt år fylt av inntrykk, læring og møte med mange engasjerte menneske. Det har vore ei glede å bli kjent med klubben, strukturane, all aktivitet, og ikkje minst alle dei frivillige som står på kvar einaste dag for at barn, unge og vaksne skal ha eit inkluderande og trygt aktivitetstilbod.


Tusen takk for ein fin velkomst, råd, opne dører og gode samtalar. Eg ser fram til 2026, eit år der vi skal bygge vidare, tenke framover og fortsette å utvikle klubben, anlegget og aktivitetstilboda våre. No håper eg at kvar og ein av dokke får senka skuldrane og lada batteria før vi går inn i eit nytt idrettsår fullt av moglegheiter.
God jul og godt nytt år! 


Mvh
Guro Kalvø Vattøy 


Halvåret som gjekk - frå juni til desember 2025 i korte trekk
Det siste halvåret har vore prega av stor aktivitet og mange høgdepunkt på tvers av gruppene våre. Her er nokre av dei:


⚽Fotball
Fotballskulen i juni vart ein suksess, med godt oppmøte og deltakarar som bobla over av idrettsglede. Banene var fulle av liv, og både instruktørane og frivillige skapte eit trygt og inspirerande miljø der barna kunne lære, leike og utvikle seg.
Under årets Norway Cup leverte laga våre sterk innsats og fekk med seg mange gode opplevingar heim. Turneringa gav både sportsleg læring og minnerike stunder utanfor bana, og det er eit høgdepunkt for mange av spelarane gjennom sesongen.
Herrelaget stod for sitt beste sesongresultat på mange år, noko som gav store opplevingar både for spelarane og alle som følgjer laget. Med den nye tribuna på plass vart kampane dessutan ei flott publikumsoppleving, og det var tydeleg at fleire fann vegen til stadion for å heie.


Det er og svært gledeleg å sjå den gode rekrutteringa og store aktiviteten i barne- og ungdomsfotballen. Ulike lag og treningsgrupper fyller banene kvar einaste veke, og entusiasmen hos både spelarar, trenarar og føresette viser at miljøet står sterkt og stadig utviklar seg.


Sesongen vart til slutt runda av med sesongavsluttingar og årsmøte, som ein fin måte å markere eit år fylt med engasjement og fotballglede for heile klubben.


🏃‍♀️Friidrett
Hadarleikane i mai vart også dette året eit av dei store høgdepunkta for friidrettsmiljøet på Hareid, både sportsleg og sosialt. Arrangementet samla utøvarar, foreldre og støtteapparat til ein dag full av gode prestasjonar, samhald og idrettsglede. Stemninga var på topp, og mange fekk oppleve personlege rekordar og fine augeblink på stadion.


I løpet av året har fleire av våre utøvarar levert på svært høgt nivå. Resultata dei oppnår, både lokalt, regionalt og nasjonalt, fungerer som ei viktig inspirasjonskjelde for dei yngre som ser kva som er mogleg med hardt arbeid og treningsglede. Dette skapar ein flott kultur der erfaring og motivasjon blir delt på tvers av alder og grupper. 


Også dei populære løpa «Snipsøyrvatnet rundt» og «Grimstadvatnet rundt» (og minikarusellen for dei minste) har hatt svært god deltaking så langt i år. Desse arrangementa samlar både mosjonistar og aktive, og bidreg til å skape eit breitt og inkluderande miljø der alle kan delta på sitt nivå.


Sesongen vart runda av med eit flott ministemne og ein kjekk årsfest. Her vart breidda i friidrettsgruppa løfta fram, og både små og store fekk markere innsatsen som er lagt ned gjennom året.

🤸Turn
Hareid IL Turn stod som arrangør for barnekretsturnstemnet i mai. Dette vart ein stor suksess og eit av dei verkelege høgdepunkta gjennom året. Hareidhallen var fullpakka av publikum, utøvarar og god stemning, og både frivillige og deltakarar leverte ein strålande innsats frå morgon til kveld. Arrangementet skapte både idrettsglede og fellesskap, og viste kva vi kan få til når mange bidreg.


Gjennom heile året har det våre stor aktivitet i hallen. Kvar einaste dag fyllast hallen av barn og unge som kjem for å trene, lære og ha det gøy. Tilbodet spenner vidt, frå leikprega gymleik for dei aller yngste, til målretta og utfordrande konkurranseturn for dei eldre utøvarane. Det gir eit miljø der alle kan finne sin plass, uavhengig av nivå og erfaring.


Året vart avslutta med både klubbkonkurranse og ei flott juleoppvisning i basishallen. Her fekk utøvarane vise fram det dei har jobba med gjennom heile sesongen, og publikum fekk oppleve både meistring, utvikling og turnglede på nært hald. Det vart eit flott punktum for eit år prega av vekst, engasjement og idrettsglede for store og små.


🤾Handball
Det har vore eit år fullt av kjekke turneringar og mykje god aktivitet blant dei yngste utøvarane i handballgruppa. Dei har fått prøve seg på bana gjennom leik, småkampar og enkle øvingar, og gleda og engasjementet dei viser, smittar over på både trenarar og foreldre.


Seriespelet er godt i gong for dei aldersbestemte laga, og kampane gir nyttige erfaringar, meistring og mykje handballmoro. Spelarane utviklar seg både teknisk og sosialt, og det er tydeleg at treningsarbeidet gjennom året gir resultat.


Rekrutteringa er sterk, og engasjementet i dei yngre årskulla er svært positivt. Mange born har funne vegen til handballen, og med dedikerte trenarar og støttande foreldre ligg alt til rette for vidare vekst og utvikling. Det skapar eit robust grunnlag for framtida.
Året blir tradisjonen tru avslutta med juleturnering og felles kveldsmat på klubbhuset, ein tradisjon som styrkjer miljøet, byggjer samhald og gir ein fin avslutning på eit aktivt år for både små og store.


😍Nytt tilbod - Basistrening
I tillegg til all den flotte aktiviteten som allereie skjer i gruppene våre, har idrettslaget starta opp eit nytt lågterskeltilbod: basistrening. Oppstarten har vore ein skikkeleg suksess, med mellom 25-35 deltakarar på kvar økt. Mange set pris på å ha noko fast å gå til, og ikkje minst eit sosialt og triveleg treningsmiljø.
Dette er eit tilbod vi er veldig glade for, og som vi held fram med også etter jul. Sjølv om oppmøtet har vore veldig bra, har vi alltid plass til fleire. 


👑Våre viktige samarbeidspartnarar
Generalsponsor
Ein særskild takk går til Sparebanken Møre, som gjennom året har vore ein stødig og positiv samarbeidspartnar. Støtta spelar ei nøkkelrolle i at vi kan utvikle klubben vidare og tilby eit breitt og inkluderande aktivitetstilbod, i tråd med verdiane våre.
Hovudsponsorar


Vi sender og ei stor takk til våre solide hovudsponsorar:
Hareid Group, Ulstein, Møre Drift, Tussa, Jets, Libra, Trident Aqua Services og Hummel.
Bidraga frå dokke gjer det mogleg å løfte kvaliteten på aktivitetane våre, sikre gode rammer rundt arrangement, og fornye utstyret som er så avgjerande for trygg og god aktivitet.


Sponsorar og støttespelarar
Vi vil også løfte fram alle bedriftene som støttar oss gjennom året:
Bunnpris, Dimo, Eilertsen Invest, HS Rise, Conplan, Evotec, Blink Hus, Furene, BDO og Bauta Maritime.
Dokke er viktige byggjesteinar i lokalsamfunnet, og med dokke i ryggen kan vi satse vidare for framtida.


Tusen takk!


Ein idrettsklubb er aldri betre enn menneska som står i den, og Hareid IL er heldige. Til alle dokke frivillige, trenarar, lagleiarar, føresette, styremedlemmar og samarbeidspartnarar:
Tusen takk for at dokke stiller opp, heiar, løftar, organiserer, køyrer, støttar og bidreg. Utan dokke hadde vi ikkje vore den klubben vi er i dag. 


God jul og godt nyttår frå alle oss i Hareid IL! 🎅