NYHEITSBREV JANUAR-APRIL
Postet av Guro Kalvø Vattøy den 11. Mai 2026
NYEHEITSBREV - HAREID IL
📅 Januar – April

Hei alle medlemmar, frivillige, sponsorar og støttespelarar! Vi håper alle har hatt ein god start på 2026. Vi er godt i gang med eit nytt år, med nye treningar, arrangement og planar for året, og vi er stolte av den innsatsen både små og store legg ned kvar veke. Her kjem ei oppdatering frå det som har skjedd i Hareid IL i starten av 2026.
📣 Takk til sponsorane våre!
Dette året har vi fått med oss mange av dei trufaste sponsorane, i tillegg til fleire nye. Det er desse som gjer mykje av aktiviteten mogleg. Tusen takk!
Generalsponsor Sparebanken Møre
Vi er stolte over å ha med Sparebanken Møre som vår generalsponsor også i 2026. Bidraget frå dei støttar barneidretten, klubbutviklinga, utstyr og arrangement og klubbdrift. Takk for at dokke satsar på lokal idrett!
Hovudsponsorar:
I 2026 har vi fornya hovudsponsoravtalane med fleire av bedriftene i nærområdet som har støtta oss trufast gjennom mange år. Dette gir idrettslaget viktig forutsigbarheit og tryggheit i arbeidet vårt, noko vi set svært stor pris på.
Ein stor takk til:
- Hareid Group
- Libra
- Ulstein Group
- Jets
- Tussa
- Møre Drift
- Trident Aqua Servises
Sponsorar:
Samtidig er vi glade for å ha fått med oss mange lokale og lojale bedrifter som sponsorar for 2026 og åra framover. Desse bidraga er også heilt avgjerande for at vi kan halde oppe eit breitt og inkluderande aktivitetstilbod.
Takk til sponsorane våre:
- Island Offshore
- Dimo
- Bunnpris
- Evotec
Støttespelarar:
I tillegg til generalsponsor, hovudsponsor og sponsorane er alle bidrag viktige for drifta og utviklinga av idrettslaget. Vi er difor svært takknemlege for alle støttespelarar som bidreg. Kvar einaste støttespelar er med på å skape aktivitet, fellesskap og gode tilbod for medlemmene våre.
Takk til støttespelarane våre:
- Brimer
- BDO
- Eilertsen Invest
- Furene
- Westing
- Ulstein Betongindustri
- Olympic AS
- Posten Restaurant og Bar
- Hadarhus AS
- Ulstein Bil
Vi oppmodar alle medlemmar om å støtte opp om våre sponsorar. Det er dei som gjer det mogleg å halde medlemsavgiftene nede og aktivitetane oppe!
Kva har skjedd i vinter?
Det har vore ein aktiv og innhaldsrik start på året for alle gruppene våre. Her kjem ei oppsummering frå alle gruppene i idrettslaget.
⚽ Fotball
Vintervêret i starten av året synleggjorde kor verdifullt det er å ha gode alternativ tilgjengeleg. Med full vinter ute var det ekstra godt å ha Hadarhallen tilgjengeleg, og hallen var full av aktivitet kvar einaste dag.
Oppstarten for det ferskaste laget våra (2020-kullet) var i januar. Mange spente gutar og jenter møtte opp i Hadarhallen, og det er kjekt å sjå kor mange som vil spele fotball på Hareid. I tillegg til dette har fotballgruppa starta opp eit nytt tilbod, fotball-leik, for 4 og 5 åringane. Hovudfokus er bevegelse og leik med ball, og dette har slått godt an 😊
Det har vore spelt treningskampar og vinterserie gjennom vinterperioden. G14, G16 og G19 har deltatt i vintercupen som ei fin oppladning til serien. Damelaget har gjennomført treningskampar, medan A-laget både har spelt treningskampar og deltatt i SMP-cupen.
Laurdag 25. april vart det arrangert jentedag, og også i år vart dagen ein stor suksess. Over 70 jenter deltok i løpet av dagen, og Hadarhallen var fylt med liv, glede og mykje fotballaktivitet. Programmet var både innhaldsrikt, variert og kjekt, og besøket frå Madelen Eid og Agata Drozdzik frå AAFK var veldig stas. På slutten av dagen kom Tare, som avslutta dagen som keeper i straffesparkkonkurranse. Hareid IL arbeider aktivt for å få fleire jenter til å få lyst til å starte med fotball, og for at dei skal trivast så godt at dei vel å halde fram over tid. Gjennom arrangement som jentedagen ønskjer vi å inspirere endå fleire, og vise at dette er ein idrett som har plass til alle.
Sesongstarten er no i gong for både senior-, ungdoms- og barnelaga våre. Vi gler oss til ein fartsfylt vårsesong der alle skal få oppleve meistring, fellesskap og ekte idrettsglede, både på og utanfor bana.





🏃 Friidrett
Årets fyrste konkurranse gjekk av stabelen 17.-18. januar med kretsmeisterskap i Ulsteinhallen. Her fekk utøvarane møte både vener og konkurrentar, og ein fekk testa kvar ein ligg i løypa mot målsettingane for sesongen 2026. Nokre har som mål å stille i ei ny grein, medan andre har jobba målretta for å springe raskare, støte lengre eller hoppe høgare. Mange av utøvarane fekk ei svært positiv oppleving.
Dei to siste løpa i vinterkarusellen vart gjennomført i januar og februar, med mange deltakarar, og høg deltaking i minikarusellen.
Det har vore NM innandørs i Bergen der Borghild deltok og tok ein sterk 3. plass på 400 meter. Gruppa har og hatt sosial kveld på klubbhuset med kveldsmat etter trening, eit viktig og kjekt tiltak.
I påska arrangerte friidrettsgruppa ein lokal påskeleir med fokus på variert trening og godt fellesskap. Gjennom fleire dagar fekk utøvarane delta på økter med mellom anna styrke, kast, spenst, løp og basistrening. Det vart også tid til restitusjon i bassenget på Ulstein Arena. Det sosiale stod og i sentrum, med taco og spelekveld på Holesanden som eit kjekt innslag undervegs. Ei innhaldsrik og kjekk veke i påska gav både gode treningsøkter og styrka samhald i gruppa.
April vart avslutta med at over 30 utøvarar frå yngste, mellomste og eldstegruppa i Hareid IL Friidrett bidrog med stor innsats i plastdugnaden.





🤸 Turn
Det har vore god aktivitet i alle partia våre.
Årets første konkurranse var regionskonkurransen i Molde 14.-15. mars. Totalt deltok 19 jenter frå Hareid IL si turngruppe. Vi stilte med 12 aspirantar i alderen 9-10 år, og 7 gymnastar i alderen 11-17 år i klassa Turn Kvinner. Aspirantane viste seg fram i alle apparat på laurdag, medan Turn Kvinner konkurrerte i fire apparat fordelt på to dagar. Det har vore mange flotte prestasjonar, og fleire av jentene fekk vist fram nye element og øvingar.
I februar vart det arrangert trenarkurs (trenar 2) på Hareid i regi av Norges Gymnastikk- og Turnforbund, i samarbeid med Hareid IL Turn. Kurset er eitt av fire delkurs som inngår i Trenar 2-kompetansen. Hareid IL hadde fleire trenarar som deltok denne helga, og dei sat igjen med mykje god læring og fagleg påfyll.
I april arrangerte vi også Norges Cup på Hareid. Det vart eit kjempearrangement med over 200 gymnastar frå heile landet. Hareid IL stilte med fem gymnastar. Turngruppa har fått svært gode tilbakemeldingar på arrangementet, så her må ein rette stor takk til alle som bidrog til at arrangementet vart så vellukka. Turngruppa er rutinerte og har gjennomført dette fleire gonger før, noko som verkeleg kjem til syne i kor godt alt flyt. Alle må gi seg sjølve ein stor klapp på skuldra!
Frå 20.april til 02.mai var Joanna Uracz på besøk. Ho har tidlegare jobba for landslaget i Polen og i Noreg. Ho var her som ein ressurs og har hjelpt til på treningane, der ho har vore inspirator og trenarressurs. Ho har gitt påfyll både til trenarane og gymnastane. Dette var to kjekke veker 😊




🤾 Handball
Handballgruppa har hatt god aktivitet etter jul. I tillegg til treningar kvar veke, vart det i vinterferien arrangert handballskule med to flotte og innhaldsrike dagar i Hareidhallen. Dagane var fylte med fart, spenning og mykje idrettsglede saman med vener.
Alle Hareidslaga har vore godt representerte på ulike cupar no på våren:
- J12 deltok på Nordfjord cup siste helga i april
- J-/G 10 deltok på Ørstacup 19. april
- J/G 7-8 år deltok på Ørstacup 18.april
- J/G 6 år deltok på Ørstacup 18.april
J12 og J/G 10 gjennomførte også Ryddedugnad no i april.
Vi ser tilbake på ein flott periode med høg aktivitet, gode prestasjonar og mykje idrettsglede. No ser vi fram til ein spennande vårsesong vidare.









Siste fra Guro Kalvø Vattøy
Påmeldinga har åpna
11.05.2026
Ny sponsoravtale med Evotec
05.05.2026
Ny sponsor
28.04.2026
Ny samarbeidsavtale med Hareid Group
23.04.2026