Hareidlandet Bakgårdsløp
Postet av Guro Kalvø Vattøy den 4. sep 2026
🏃➡️Hareid IL arrangerer fleire av dei mest tradisjonsrike løpa i regionen, men dei har blitt arrangert for fyrste gong ein gong, dei også. 🏃➡️
Så vi prøver å arrangere noko nytt saman med Hareidlandet Triatlon!
Denne gongen ein bakgårdsultra - så får vi sjå om nokon tiår om dette vart ein like kjær tradisjon som dei andre løpa! Her har dokke altså ei unik mulighet til å kunne være med på det fyrste løpet i ei forhåpentlegvis lang rekke!
Påmelding foregår via RaceTracker, her:
https://www.racetracker.one/.../hareidlandet.../registration
I korte trekk - start klokken 10.00, runde på ca. 6.7km fra stadion opp mot Kaldholen og tilbake igjen - Rotarystien og Kvitholvegen. Delar av traseen er delt med Vinterkarusellen.
Kvar heile time går starten på ei ny runde på 6,7 kilometer. Fullfører du runder innan timen, kan du bruke resten av tida til kvile og påfyll før neste start. Dei som gjennomfører alle 12 rundane, har tilbakelagt 50 engelske mil - om lag 80,5 kilometer. Samtidig er dette eit løp for alle, anten du vil gå for full ultra-distanse eller ta eit par rundar i godt lang. Kor mange runder du vil stille på, bestemmer du sjølv.
Mellom rundene blir det anledning til å kvile i Hadarhallen. Kiosk og anledning til å bestille varmmat.
Forseggjort medalje 🏃➡️🏅

Siste fra Guro Kalvø Vattøy
Nordvest Maraton vart folkefest
02.09.2026
Hareid IL Fotball med nytt tilbod ⚽
05.08.2026
SPOND-LOTTERI
08.06.2026
Trøyeaksjonen 2026
26.05.2026