Nordvest Maraton vart folkefest
Postet av Guro Kalvø Vattøy den 2. sep 2026
Laurdag 22. august vart den 36. utgåva av Nordvest Maraton arrangert
Inkludert heilmaraton, halvmaraton, mosjon utan tid og den nye 5 kilometeren hadde vi rundt rekna 120 deltakarar (vi telte ikkje kor mange som gjekk mosjon utan tid, men vi trur dei var ei handfull og vel så det).
Det gjer dette til den nest mest populære utgåva av Nordvest Maraton på 2000-talet, berre slått av den spesielle "korona-utgåva" i 2020. I og med det var fleire kolliderande løpsarrangement denne laurdagen, er vi overvelda av den gode interessa.
Spesielt gledeleg var det at så mange vart med på den nye 5 kilometeren. Dessutan var det artig at så mange sprang sitt første løp nokon gong akkurat på denne distansen.
Dessverre opplevde vi i år ein tenisk svikt med tidtakingssystemet, noko som råka tidene til rundt 25 prosent av deltakarane. Men etter iherdig rekonstruering i etterkant (tusen takk, Odd Erling!) er no resultatlistene så nær komplette som vi kan få det, og du kan sjå dei her: https://my.raceresult.com/393374/
Vi beklagar den tekniske svikten. Feilen er heldigvis funnen, og ser ut til å vere ein robotklippar som gjekk på bana (kven hadde trudd det?).Meir om dette og haugevis av foto og rapportar finn du på Hareid IL sin Facebook-profil. Der er det berre å scrolle seg nedover.
No tek Nordvest-gjengen seg ein velfortent kvil. Så vil det i haust bli møte med representantar frå Nordvest-gjengen og andre delar av idrettslaget, for å sjå på kva slags arrangement vi skal tilby dei mange løpeglade i området neste år.
Til slutt: Tusen takk til alle som deltok, alle som heia - og ikkje minst gjengen som arrangerte Nordvest Maraton 2026.