Påmeldinga har åpna
Postet av Guro Kalvø Vattøy den 11. Mai 2026
Nordvest Maraton i medvind - blir arrangert for 36. gong
Ingen andre maraton på Sunnmøre har halde det i gang like lenge samanhengande, og pilene peikar oppover. Årets løp går laurdag 22. august.
Nordvest Maraton har blitt kalla det vakraste løpet i Norge. Løypa går i naturskjønne omgjevnader i Hareid kommune. Ein skal til dømes springe langs Grimstadvatnet og rundt nesten heile Snipsøyrvatnet, to turistattraksjonar. Og ikkje berre er det mykje flott natur å sjå på. Du får også oppleve ei variert løype med både grus og asfalt (og bittelitt tartan), der det både går mykje bortover og litt opp og ned her og der.
God deltaking
Nordvest Maraton har hatt sine bølgedalar i deltakinga gjennom 36 år, men har opplevd veldig god framgang dei siste åra.
Fem av dei seks siste utgåvene har hatt 87 eller fleire deltakarar på heil- og halvmaraton. I 2020 deltok heile 127 på desse to distansane, noko som var ny rekord. 97 i fjor var heller ikkje så verst.
Nyvinning
I 2020 innførte vi også ein ny variant: mosjon utan tid. Ei ganske fast gruppe har gått løypa (nokre har også jogga) utan at nokon tek tida på dei. Dei har også fått medalje.
I år kjem endå ein ny variant: 5 kilometer med tid.
Nokre har lyst til å springe, men synest kanskje 21 kilometer er litt langt. Då er 5 kilometer midt i blinken. Denne varianten går også på både asfalt, grus og tartan - men har ingen særleg lange bakkar. Hareid IL oppmodar spesielt dei unge til å melde seg på denne distansen. Også her blir det sjølvsagt medaljar til alle som fullfører.
Påmelding
Påmeldinga skjer i år fortløpande på RaceResult heilt fram til løpsstart. Lenke/qr-kode til påmelding:
https://events.raceresult.com/registrations/?event=393374&n=Single%20Registration&k=juRpjUoplbM1

Samtidig som du melder deg på vippsar du deltakaravgifta til 117085.
Alternativt brukar du bankkontornr. 3910 57 13774.
Pris:
400 kroner for heilmaraton
300 kroner for halvmaraton
200 kroner for 5 kilometer
200 kroner for mosjon utan tid
Er du medlem i Hareid IL får du 100 kroner i rabatt.
Har du heilårslisens kan du trekke frå 50 kroner.
NB: Dei som deltek i mosjon utan tid melder seg på i sekretariatet før løpet.
Sjekk kven andre som har meldt seg på her:
https://my.raceresult.com/393374/
Premieutdeling:
Går klokka 15.30 på klubbhuset.
Alle får ein flott deltakarmedalje. I tillegg blir det premiering av beste tredjedel i kvar klasse - inntil tre premiar i kvar klasse.
Tidspunkt:
Heilmaraton startar klokka 11.00
5 kilometer klokka 11.15
Halvmaraton klokka 12.45.
Det er også mogleg å delta utan tid på alle distansar. Då startar ein helst klokka 11.00.
Vel møtt!
PS. Følg gjerne med på formelle og meir uformelle oppdateringar på Facebook-side «Hareid IL Nordvest Maraton» fram mot løpet.
Siste fra Guro Kalvø Vattøy
NYHEITSBREV JANUAR-APRIL
11.05.2026
Ny sponsoravtale med Evotec
05.05.2026
Ny sponsor
28.04.2026
Ny samarbeidsavtale med Hareid Group
23.04.2026