Ny samarbeidsavtale med Jets

Postet av Guro Kalvø Vattøy den 22. Apr 2026

Vi gir oss ikkje enda, hovudsponsoravtale med Jets er på plass!

Jets har inngått ein ny hovudsponsoravtale med Hareid IL, og vi er stolte over å få med oss ein sterk og langsiktig samarbeidspartnar vidare!


Med Jets med på laget får vi ikkje berre viktig støtte, vi får ein samarbeidspartnar som bidreg til stabilitet, engasjement og utvikling i kvardagen vår. Avtalen opnar for nye moglegheiter, og den gjer at vi kan halde fram med å skape gode opplevingar og ekte idrettsglede ❤️


Jets seier dette til ny avtale: 
Vi er veldig glade for å kunne bidra for at idrettslaget skal kunne fortsette den gode jobben med å gi gode tilbod, og skape gode ungdommar. «We are in this together». 


Hareid IL ser fram til dei neste åra saman, dette blir bra! 💪

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.