Ny samarbeidsavtale med Ulstein
Postet av Guro Kalvø Vattøy den 21. Apr 2026
Vi held fram det gode samarbeidet, og i dag har vi ei ny, kjekk nyheit å dele!

Hareid IL og Ulstein har signert ny hovedsponsoravtale, og vi er svært glade for å ha dei med vidare på laget! Med Ulstein i ryggen står vi sterkare i arbeidet med å skape aktivitet og samhald i lokalmiljøet ❤️
Ulstein seier dette om samarbeidet:
Skal ein bygge bedrift, må ein også vere med å bygge lokalsamfunn der folk vil bygge og bu. For oss er det viktig å støtte organisasjonane og det frivillige engasjementet som skaper aktivitet, fellesskap og tryggleik i nærmiljøet for både born, unge og vaksne. Det handlar om meir enn logo på ei drakt - det handlar om å bidra til miljøa som betyr noko for medarbeidarane våre og for lokalsamfunna vi er ein del av. Vi ser at Hareid IL driv eit allsidig og langsiktig arbeid, og vil vere med på laget. Heia Hareid!
Hareid IL set stor pris på at Ulstein vil vere med vidare på laget 💪
Siste fra Guro Kalvø Vattøy
Norgescup på Hareod
20.04.2026
Ny samarbeidsavtale med Libra
20.04.2026
Ny samarbeidsavtale med Tussa
20.04.2026
Ekstraordinært årsmøte i Hareid Idrettslag
14.04.2026
Jentedag
13.04.2026