Velkommen til handballskule

Postet av Guro Kalvø Vattøy den 10. Feb 2026

Handballgruppa i Hareid IL er glade for å kunne arrangere handballskule for gutar og jenter i vinterferien i år også😍 Onsdag 18.februar og torsdag 19.februar frå klokka 09.00-13.00 for elevar i 1.-5.klasse. 

Arrangementet er for alle, du treng ikkje å gå på handball eller drive med noko anna form for idrett. Vi håpar at akkurat DU har lyst å bli med. 

Handballskulen kostar 350kr for begge dagane. Du får leike og lære handball av kjekke ungdommar frå klubben! I tillegg får du frukt og lunsj begge dagane. Til slutt har vi ei høgtideleg utdeling av medaljer til alle deltakarane. 


PÅMELDINGSFRISTEN ER TORSDAG 12.FEBRUAR 

Du melder deg på ved å sende ein e-post til handball@hareidil.no
Eller send ei tekstmelding til tlf: 91820023 (Vivian Johansen) 

Vi gler oss til å sjå deg i Hareidhallen i vinterferien.
Velkommen skal du vere 

Helsing Handballgruppa i Hareid IL