Ny samarbeidsavtale med Hareid Group

Postet av Guro Kalvø Vattøy den 23. Apr 2026

Hareid Group, vår største hovudsponsor, blir også med videre i 2026🌟



Dette er eit samarbeid vi set stor pris på. Støtta frå Hareid Group betyr mykje for drifta av klubben, og gjer det mogleg å halde fram arbeidet med å skape gode idrettstilbod. Dette samarbeidet er viktig fordi dei gir oss stabilitet og rom til å utvikle både aktivitet og anlegg, samtidig som vi kan halde fram med å vere ein møteplass😍


Hareid Group seier dette om ny avtale: 
At Hareid er ein god og attraktiv stad å bu, er viktig for oss i Hareid Group. Hareid IL spelar ei sentral rolle i å skape aktivitet, tilhøyrsle og trivsel i lokalsamfunnet, og vi er stolte over å kunne vidareføre samarbeidet som hovudsponsor.


Gjennom eit breitt aktivitetstilbod for barn, unge og vaksne bidreg idrettslaget til eit levande lokalsamfunn. Dette er viktig både for dei som bur her i dag og for å gjere Hareid attraktivt også i framtida.


- Hareid IL skaper møteplassar og engasjement som kjem heile lokalsamfunnet til gode. Det er vi glade for å kunne støtte, seier konsernsjef Olav Haug Vikebakk.