Ny samarbeidsavtale med Trident Aqua Services
Postet av Guro Kalvø Vattøy den 29. Apr 2026
Idrettslaget har signert ein ny hovudsponsoravtale med Trident Aqua Services

Denne avtalen betyr mykje for klubben vår og gir oss eit viktig fundament for vidare drift og utvikling. Eit aktivt idrettslag krev mykje innsats frå mange, men også solide samarbeidspartnarar som ønskjer å vere med på reisa. At lokale bedrifter ser verdien av arbeidet som blir lagt ned i klubben, betyr mykje. Støtta frå Trident Aqua Services gjer at vi kan halde trykke oppe på aktivitet for barn, unge og vaksne
Trident Aqua Servicec seier dette til avtalen:
Vi er stolte av å få vere med på laget til Hareid IL og vidareutvikle dette samarbeidet. Når fleire av våre eigne tilsette også har ei tilknyting til klubben, blir engasjementet ekstra viktig. Vi er glade for å kunne bidra til eit trygt, aktivt og inkluderande tilbod for unge og voksne - både no og i åra framover.
Hareid IL set stor pris på støtta frå Trident Aqua Services😍