Vinterkarusellen - fyrste løp 07.november
Postet av Friidrett den 4. nov 2026
Hareid IL v/friidrettsgruppa inviterer også i år til Vinterkarusellen Grimstadvatnet Rundt. Som alltid er det fire løp, lagt til første laurdag i månaden: 7. november, 5.desember, 2. januar og 6.februar. Løypa er ca. 7,7km.
Alle løpa startar klokka 1400, medan registreringa startar éin time før, altså klokka 1300.
Det blir også i år høve til å delta i "Minikarusellen" - eit ca. 2400m langt løp, primært sikta inn mot den yngre garde. Også denne løypa startar ved stadion, men svingar av etter eit lite stykke, går gjennom sentrum og tilbake til stadion.
Registrering, start- og målgang er ved klubbhuset.
Før og etter alle løp er garderobar med dusj tilgjengeleg på klubbhuset.
Etter siste løp blir det premieutdeling - det er 1/3-premiering blant dei som har vore med i minst tre av fire løp. Deltaking i alle fire løp gir ein liten lojalitetsbonus.
Startavgift pr. løp i Vinterkarusellen 200kr (senior, født 31.12.2006 eller tidligere), 100kr (junior, født 1.1.2007 eller seinere.)
I "minikarusellen" er det syskenmoderasjon - 75kr/løp for eitt barn, 125kr/løp for to, 150kr/løp for tre.
I tillegg kjem ein eingangslisens til Friidrettsforbundet om du ikkje har løyst heilårslisens for løp utanfor bane. Denne betaler du før første gangs deltaking, og er gyldig heile karusellen. Deltakarar født på eller etter 1.1. 2014 er forsikret gjennom Friidrettens Barneforsikring, og trenger IKKJE løyse lisens.
Som for Snipsøyrvatnet Rundt ønsker vi primært betaling via Vipps, men vi tek sjølvsagt også imot kontantar.
Vi ønsker tidlegare og nye løparar velkomne!
