Ny samarbeidsavtale med Libra

Postet av Guro Kalvø Vattøy den 20. Apr 2026

Hareid IL har signert ny 3-års avtale med hovudsponsor Libra❤️🤝


Med ein trygg og langsiktig samarbeidspartnar som Libra, kan vi halde fram med å gi eit godt tilbod til alle, frå dei yngste til dei eldste. Det gjer at vi kan utvikle klubben og skape gode opplevingar. Støtta frå Libra er med på å sikre aktivitet, fellesskap og idrettsglede i lokalmiljøet, og det set vi skikkeleg stor pris på!

Libra-Plast seier dette til ny avtale:

– Vi i Libra-Plast er veldig stolte over å kunne halde fram som hovudsponsor for Hareid IL. Klubben gjer ein imponerande innsats for å skape aktivitet, samhald og glede i lokalmiljøet, og det er viktig for oss å vere med og støtte dette arbeidet. Med den nye avtalen på tre år ser vi fram til eit tett og godt samarbeid vidare, seier CEO i Libra-Plast, Einar Pieroth.

Hareid IL gler seg til tre nye år med godt samarbeid!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.