hareid_il_logo_135.png









 

06.06. Bortetap for redusert damelag

Kristine Husøy frå ein damekamp tidlegare i år.
Kristine Husøy frå ein damekamp tidlegare i år.

Sleit på uvant underlag. Les referatet -->

30.05. Knapt tap for damelaget

Damelagets trenar Per Inia Brekke var ikkje nøgd med det offensive spelet mot Hasundgot.
Damelagets trenar Per Inia Brekke var ikkje nøgd med det offensive spelet mot Hasundgot.

Hareid sitt damelag tapte i kveld 2-0 mot Hasundgot på Hareidsmyrane stadion. Tidlegare har Hareid brukt å tape med ca. ti mål mot "erkerivalen", så resultatet viser at damene er i framgang i sjuarserien. Les referatet til Natalie Moldskred.

22.05. Damelaget ned igjen på jorda

Etter siger på Larsnes sist tapte Hareid sitt damelag i dag mot Gursken på River plate. Les referatet.

18.05. Årets første siger for damelaget

Vann 4-3 borte mot Larsnes. Les referatet til manager Per Inia Brekke.

02.05. Damelaget tapte mot godt Åram/Hødd-lag

Også i årets tredje kamp vart det tap for Hareid sitt damelag i sjuarserien. Les referatet damelaget har sendt oss.

24.04. Damelaget tapte mot Hasundgot

Trenar Per Inia Brekke meiner Hareid-damene kan betre. Les referatet.

17.04. 5-1-tap for damelaget i serieopninga

Hareid spelte heime mot regjerande krinsmeistrar Gursken i første kamp. Det var lenge jamt, men Gursken fekk eit mål like før pause. I 2. omgang var det meir ujamt, og bortelaget vann til slutt 5-1. Kristine Husøy scora Hareid sitt mål.

17.04. Damelaget startar i dag

Hareid sitt damelag opnar serien med heimekamp mot Gursken i dag klokka 18.30. I fjor vart Gursken krinsmeistrar, medan Hareid vart nummer 4 av 5 lag i Søre-avdelinga. Hareid-damene har trena godt i vinter, og det skal bli spennande å sjå kor god motstand dei kan gi Gursken. Vel møtt.

27.03. Damelaget opnar mot Gursken

Terminlistene for sjuarseriane på seniorsida er no klare. Det viser seg at Hareid   damelag opnar sesongen alt 17. april med heimekamp mot Gursken. Desse laga møter kvarandre også i Hareid Group Vårcup kommande laurdag. Hareid avsluttar også vårsesongen med heimekamp - mot Larsnes. Av fem lag i denne avdelinga går dei to beste til 1.-divisjon haust, resten blir i 2.-divisjon.

22.03. Kampoppsett Hareid Group Vårcup

Ein av turneringssjefane; Per Inia Brekke.
Ein av turneringssjefane; Per Inia Brekke.

Neste laurdag arrangerer fotballgruppa Hareid Group Vårcup for dame- og herrelag. Takka vere iherdig arbeid frå Per Inia Brekke er no også dameklassen fullbooka. Der deltek Hareid, Hasundgot, Gursken og Larsnes. I herreklassen deltek Hareid 2/JR, Hasundgot, Flø og Haddal. Kampoppsett som vedlegg.

HG_Varcup_kamoppsett.doc

19.03. Damelaget i rein Ytre Søre-avdeling

Damelaget under Odden-cupen i februar.
Damelaget under Odden-cupen i februar.

Som i fjor har damelaget hamna i ei rein Ytre Søre-avdeling. Vårens motstandarar er Hasundgot, Hødd/Åram, Larsnes og Gursken. Dei einaste forandringa frå i fjor er at Larsnes har komme inn i staden for Vartdal, og at Åram i år stiller samarbeidslag med Hødd. Det blir spela dobbel serie om våren. Dei to beste i avdelinga spelar 1.-divisjon haust saman med dei tre beste frå den andre avdelinga. Resterande lag hamnar i 2.-divisjon. Så medan det blir berre éi ferjereisa i vår (Åram), kan det bli spennande turar til plassar som Haramsøya og Ørskog til hausten. Terminlista er enno ikkje klar.

Hareid vart nummer 4 av 5 lag i Ytre Søre-avdelinga i fjor.

15.02. Damelaget sprakk i 3. omgang

Pep-talk i den siste pausen.
Pep-talk i den siste pausen.

Hareid og Hasundgot sine damelag spelte treningskamp mot kvarandre på Hareidsmyrane stadion i kveld. Kampen vart spelt over 3 x 30 minutt. Etter 2. omgang var stillinga 4-4, men i siste del sprakk damene og tapte 10-4. Referat er klart --> 

PS. Under denne kampen fekk vi ein smakebit av Hareid IL si Fair Play-satsing, der både dommaren (Audun Øvrelid) og kampverten (Ann Katrin Røyset) hadde på seg Fair Play-vestar. Det er klubbens FP-general Per Inia Brekke som koordinerer denne friske satsinga, og målet er å bli kåra til årets FP-klubb på krinstinget til hausten.

|

15.02. Damelaget spelar treningskamp i dag

Damelaget under Odden-cupen tidlegare i februar.
Damelaget under Odden-cupen tidlegare i februar.

Les trenar Per Inia Brekke sin førehandsomtale.

|
Forhånd.123456
INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR