hareid_il_logo_135.png









 

21.03. Surt tap for damelaget

Olaug Orten Trovåg (OOT) refererer Hareid sine damekampar i 2013. Ho er ei ti år yngre søster av EOT, som starta å referere kampar her på sida for ni år sidan.
Olaug Orten Trovåg (OOT) refererer Hareid sine damekampar i 2013. Ho er ei ti år yngre søster av EOT, som starta å referere kampar her på sida for ni år sidan.

Knapt tap i årets første treningskamp.

12.02. Damelaget med i 4.-divisjon

Damelaget stilte sjuarlag i 2011 og 2012. Her eit lagbilete frå i fjor.
Damelaget stilte sjuarlag i 2011 og 2012. Her eit lagbilete frå i fjor.

Fristen hadde gått ut for lengst, men Hareid får no likevel bli med i 4.-divisjon for damer. Det vil seie niarfotball. Hareid hadde i utgangspunktet tenkt å bli med i sjaurserien. Men sidan fleire av dei lokale konkurrantane frå sjuarserien dei siste åra har gått inn i niarserien, valde Hareid å gjere det same. Dei andre laga i 4.-divisjon er Volda 2, Hødd 2, Herd 2, Ravn, Hasundgot, Langevåg og Gursken.

02.02. SBM-cup: Hareid 5 til topps

Vinnarlaget til Hareid 5. Bak frå venstre: Per Ståle Nykrem, Magne Kjell Wingsternes, Kim-Tore Husøy, Espen Beiermann, Ole André Kragset, Tore Johan Ytre-Hauge, Ivar André Aadland (spelande trenar). Framme: Anders Hjelle Øiestad (oppmann) og Vagn Scheide Mork. Også Ali Khawari spelte for dette laget. FOTO: André Kragset
Vinnarlaget til Hareid 5. Bak frå venstre: Per Ståle Nykrem, Magne Kjell Wingsternes, Kim-Tore Husøy, Espen Beiermann, Ole André Kragset, Tore Johan Ytre-Hauge, Ivar André Aadland (spelande trenar). Framme: Anders Hjelle Øiestad (oppmann) og Vagn Scheide Mork. Også Ali Khawari spelte for dette laget. FOTO: André Kragset

Hareid IL fekk for første gong ein vinnar i Sparebanken Møre-cup i Ulsteinhallen då veteranane på Hareid 5 vann 6-5 mot ÅVK 2 i finalen laurdag ettermiddag. Blant mange gode vart Kim-Tore Husøy kåra til finalens beste spelar. 

31.01. Laga til SBM-cup

Pådrivar for Hareid 5; Ivar André Aadland.
Pådrivar for Hareid 5; Ivar André Aadland.

Fredag og laurdag er Hareid representerte med fem lag i SBM-cupen i Ulsteinhallen. Sjekk kven som stiller på dei ulike laga:

29.01. Gruppene i Sparebanken Møre-cup

Hareid sitt damelag under SBM-cupen i fjor.
Hareid sitt damelag under SBM-cupen i fjor.

Hareid stiller fem lag i Sparebanken Møre-cup til helga, og er dermed representerte i fem av dei åtte gruppene i turneringa. Av desse laga er to damelag (Hareid 1 og 2), to senior herrelag (Hareid 4 og 5) og eitt junior herrelag (Hareid 3). 

Sjekk puljeinndelinga her. Og kampoppsettet her.

Det er først dei siste åra Hareid har stilt med lag i denne etter kvart så tradisjonsrike innandørsturneringa i Ulsteinhallen. Juniorlaget (+ Kjimmen) tok sølv i herreklassen for to år sidan.

28.01. 56 spelarar på seniotrening måndag

Redaksjonen tok seg ein tur ned i Hareidsmyrane måndag kveld. Og det var gledeleg å sjå at aktiviteten blant våre eldste er stor for tida. 

PS. Fotograf Anders Hjelle Øiestad har sendt oss nokre bilete som vi her legg ut.

13.01. Hareid har meldt på fem lag til Sparebanken Møre-cup

Per Inia Brekke og damelaget på cup i fjor.
Per Inia Brekke og damelaget på cup i fjor.

1. og 2. februar blir Sparebanken Møre-cupen arrangert i Ulsteinhallen. Denne tradisjonsrike turneringa blir av mange kalla "Odden-cupen". Vi har meldt på fem lag:

Hareid 1: Damelag. Ansvarleg: Per Inia Brekke
Hareid 2: Damelag: Ansvarleg: Per Inia Brekke
Hareid 3: Herrelag 15-20 år. Ansvarleg: Ole Frank Bakken
Hareid 4: Herrelag 20-29 år: Ansvarleg: EOT
Hareid 5: Herrelag 29 år og oppover. Ansvarlege: Ivar André Aadland og Per Ståle Nykrem

Hareid junior tok sølv i 2011.

07.01. Damelaget er i gang

Hareid sitt damelag er i gang igjen etter vinterpausen. 15-16 interesserte spelarar møtte fram til spelarmøte og trening måndag kveld. Som dei to siste åra blir det meldt på lag i sjuarserien.

Trenarar blir i år som i fjor Per Inia Brekke og Stian Mork Auberg. I tillegg må det inn ein trenar til. Nye lagleiarar er Charlotte Kleppe og Arnhild Åsmo Bigset.

Laget trenar på kunstgrasbana måndagar klokka 19.30 og torsdagar 18.00. Det er ikkje for seint å bli med dette laget i år. 

23.10. Vil du spele damefotball?

Per Inia Brekke held fram som trenar for damelaget i 2013.
Per Inia Brekke held fram som trenar for damelaget i 2013.

Hareid vurderer å stille to sjuarlag for kvinner i seriane neste år. Til det trengst det litt påfyll av spelarar. Treningane er alt i gang. Les meir.

15.10. Siger til damelaget i nest siste kamp

Les referatet til trenar Per Inia Brekke.

05.10. Damelaget tapte 12-11!

Referatet til trenar Per Inia Brekke ligg føre.

19.09. Eitt bortepoeng til damelaget

Kristine Husøy scora Hareid sitt mål i 1-1-kampen på Larsnes.

16.09. Lang reise, ingen poeng

Damelaget med stortap søndag.

12.09. Årsfesten for Hareid IL Fotball Senior

Ørjan Røyset (biletet) og resten av fotballstyret har i år lagt årsfesten til Hareid hotell.
Ørjan Røyset (biletet) og resten av fotballstyret har i år lagt årsfesten til Hareid hotell.

Den årlege fotballfesten for Hareid IL Fotball Senior blir i år halden på Hareid hotell 20. oktober i tidsrommet 19.00-23.00. Det vil seie same dag som a-laget avsluttar sesongen med heimekamp mot SIF. Meir info om årsfesten vil bli lagt ut på facebook, der aktuelle folk gjennom ein "event" kan svare på om dei deltek. Dei som ikkje er på facebook vil bli invitert munnleg seinare.

Det er altså mange treningar og kampar igjen før 20. oktober, men vi ber alle trenarar, spelarar og leiarar i seniorgruppa alt no merke seg datoen.

05.09. Mange mål på Siffen då damelaget tapte

Trenar for Hareid damelag, Per Inia Brekke, var ikkje nøgd med Hareid sin prestasjon mot SIF.
Trenar for Hareid damelag, Per Inia Brekke, var ikkje nøgd med Hareid sin prestasjon mot SIF.

Trenar Per Inia Brekke var ikkje nøgd med Hareid sin prestasjon.

28.08. Klart tap for damelaget

Men 1. omgangen var heilt jamn. Les referatet leiinga til damelaget har sendt inn.

21.08. Knapt tap for damelaget

Fredag som var vann mannfolka til Hareid mot både Larsnes og Gursken, i løpet av den same kampen. Hareid-damene slo Larsnes sist veke, men lukkast ikkje i å slå Gursken i dag. Men det var nære på. Per Inia Brekke sitt referat er klart.

15.08. Solid siger til damelaget

Larsnes var på besøk då Hareid damelag opna haustsesongen i 2.-divisjon. Det skulle vise seg at Hareid var fleire hakk kvassare enn gjestene. Trenar Per Inia Brekke sitt referat er klart.

20.06. Tap i siste vårkamp for damelaget

- Det kunne sjå ut som laget hadde tatt ferie allereie, hevdar trenar Per Inia Brekke.

Forhånd.123456Neste
INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR