hareid_il_logo_135.png









 

03.04. Ny damekamp i dag

Hareid spelar heime mot Larsnes klokka 19.30. Lykke til!

02.04. Damelaget med tap i årets andre treningskamp mot Bergsøy

Hareid spelte ein svak 1. omgang og låg under 7-1 til pause. 2. omgang var betre. Heimelaget Bergsøy vann til slutt 9-2. Victoria Røren scora begge måla til Hareid.

17.03. Siger for damene

I årets første treningskamp vann Hareid damelag 4-1 heime mot Åheim/Selje. Anette Ulvestad (2), Kristin Marø og Sofie Mork scora måla. Ifølgje rapportane var dette ei god oppleving i snøkavet i det som var Svein Dag Slettebakks comeback-kamp som trenar for damene.

25.01. Hareid har meldt på damelag i 4.-divisjon (niar)

Vi hadde lag der i fjor også, utan at det var nokon stor suksess. Men no ser stallen ut til å bli mykje fyldigare og betre inn i fjor. Alle nye og gamle spelarar er inviterte til treningane, som er tysdagar klokka 19.30 og torsdagar 18.00. Arnhild Åsmo Bigset går på ein ny sesong som lagleiar. Trenarkabalen er vonleg snart i boks.

10.11. Årets damespelar: Arnhild Åsmo Bigset

Arnhild kunne ikkje vere med på avslutningsfesten, så ho fekk utdelt pokalen denne helga. Trass i ein del baklengsmål redda ho mykje som keeper denne sesongen. Arnhild har også vore lagleiar i år, og fekk også heider for det (pokalen til høgre).

16.10. Damelaget tapte årets siste seriekamp

Hareid sitt damelag har hatt ein utfordrande sesong i den nye 4.-divisjonen, men no er dei endeleg i mål. Og det er ikkje verst berre det med ein så tynn stall som laget har hatt. 

14.10. Damelaget tapte mykje mot svært godt Hødd-lag

Hareidsdamene sikra seg ikkje poeng i kveldens kamp på Hareidsmyrane stadion denne gongen, men dei sikra seg likevel to flotte mål. Sjølv om heimelaget hadde sine betre periodar inn i mellom og kjempa til siste slutt, var det ingen tvil kven som var best av desse to laga.

Mål: Trine Årskog, Kristine Husøy

Hareid (3-3-1): Arnhild Åsmo Bigset (keeper), Natalie Seljeseth Birkhol, Kristine Husøy, Stephani Garrido, Irene Fjelle, Beate Rise Gaasø, Trine Årskog, Olaug Orten Trovåg, Charlotte Kleppe, Janita Røyset.

03.10. Damelagets første poeng i år

Hareid sitt damelag har hatt ein tøff sesong i 4.-divisjon (niarfotball). Men i dag fekk dei seg ein solid opptur med eit poeng heime mot Herd. - Hareid spelte 6-6 heime mot Herd 2, ein kamp der det statistisk sett alltid blir mykje mål. Laget jobba hardt og godt både offensivt og defensivt. Veldig imponerende innsats mot eit godt Herd-lag med mange tekniske gode spelarar, fortel trenar Per Inia Brekke. Hareid-måla vart scora av Kristine Husøy (2), Lone Gjerde (2), Natalie Birkhol og ein Herd-spelar.

03.09. Nytt tap for Hareid-damene, men god innsats

Fleire bilete frå kampen på Voldasupporter på nett.
Fleire bilete frå kampen på Voldasupporter på nett.

Med tanke på at Hareid ikkje hadde med innbytarar kan dei seg nøgde med innsatsen i Volda.

25.08. Damelaget tapte heime mot Ravn

Heldt nullen i 44 minutt, men tapte klart.

21.08. Damelaget opna haustsesongen med tap

DAMER_HAREID_LANGEV_G_AUG.JPG

Hareid-damene spelte ein lang periode utan å sleppe inn mål i 1. omgang, men tapte til slutt stort.

16.06. Damelaget rakna heime mot Gursken

DAMEKAMP_MOT_GURSKEN_2013.JPG

31.05. Damelaget tapte borte mot Herd

Kom tidleg under med mange mål, men tok seg saman og leverte ein heiderleg innsats.

Les referatet.

30.05. Både Hareid 2 og damelaget spelar borte fredag

* Hareid 2 spelar bortekamp mot Flø fredag kveld. Dette er faktisk lagets første bortekamp i år. I fjor tapte ikkje HIL 2 ein einaste bortekamp, så får vi sjå kor lenge statistikken held seg oppe. Per Ståle Nykrem og Steffen Uldbæk er ikkje tilgjengelege denne gongen. 
* Damelaget spelar bortekamp mot Herd 2. Hareid har hatt ein trøblete start på sesongen med mange skadar og to tap så langt. Så får vi sjå om lukka snart snur. Vi kryssar fingrane.

28.05. Damelaget med tap i tidenes første niarkamp

Kantspelar Olaug Orten Trovåg i aksjon.
Kantspelar Olaug Orten Trovåg i aksjon.

Om vi ikkje tek heilt feil vart tidenes første niarkamp spelt på Hareid i dag. Damelaget tok imot Volda på stadion. Hareid var bra med i starten av begge omgangane, men tapte til slutt 9-1.

(NB. Mange fleire bilete på Hareid IL sin facebookprofil)

22.04. Generalprøvetap for Hareid-damene

Lagbilete teke i dag. Bak frå venstre: Per Inia Brekke (trenar), Torunn Dimmen, Katrine Holstad, Benedicte Kleppe, Irene Fjelle, Olaug Orten Trovåg, Kristine Husøy. Framme: Charlotte Kleppe (lagleiar), Runa Overå Hide, Natalie S. Birkhol, Maria Skar, Arnhild Åsmo Bigset, Sissel Indreflø (med son), Therese Indreflø, Gunhild Verås Grimstad.
Lagbilete teke i dag. Bak frå venstre: Per Inia Brekke (trenar), Torunn Dimmen, Katrine Holstad, Benedicte Kleppe, Irene Fjelle, Olaug Orten Trovåg, Kristine Husøy. Framme: Charlotte Kleppe (lagleiar), Runa Overå Hide, Natalie S. Birkhol, Maria Skar, Arnhild Åsmo Bigset, Sissel Indreflø (med son), Therese Indreflø, Gunhild Verås Grimstad.

Tapte 2-0 for Gursken på ein vindfull Hareidsmyrane stadion i kveld. 

21.04. Treningskamp i dag

Damelaget møter Gursken til treningskamp på heimebane klokka 18.30 i dag. Kampen blir spelt som niarfotball, slik begge laga skal gjere i serien. Hareid har tapt sine to treningskampar tidlegare i år.

15.04. Bortetap for Hareid-damene i andre treningskamp

Før kampstart på Vatne.
Før kampstart på Vatne.

Tapte 6-4 borte mot Ravn.

Forhånd.123456Neste
INFOTAVLA

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR