hareid_il_logo_135.png









 

08.12. Damelaget 2015

Det blir oppstartsmøte for sesongen like over nyttår. Dato er ikkje sett enno.

Nye spelarar er sjølvsagt velkomne. Er du interessert; ta kontakt med lagleiar Arnhild Åsmo Bigset.

30.10. referat frå årsfesten

Les her.

26.10. Foto frå avslutningsfesten

ALLE FOTO: HAZHIR ALIPOOR
Meir tekst under kvart foto.
Det som skal nemnast i tillegg til bileta:
Årets spelar og toppscorar damelaget: Victoria Røren
50 kampar HIL 2 og assistkonge HIL 2: Per Ståle Nykrem
Årets unge spelar (a-laget), assistkonge (a-laget) og toppscorar (juniorlaget): Runar Stranden
100 kampar HIL 2: Einar Orten Trovåg
Årets spelar og toppscorar sjuarlaget: Eirik Brandal

02.10. Damelaget tapte to poeng på overtid

Leia 4-3 borte mot Ravn ved full tid, men fekk 4-4 imot på overtid. Dermed kom ikkje årets første bortsiger i dag heller. Hareid-måla kom ved Anette Ulvestad (2), Kristin Marø og Kristine Husøy. Siste seriekamp for damene i år går borte mot Herd II 14. oktober. Tabellen.

23.09. Siger til damelaget i kveld

Vann 7-4 heime mot Åheim/Selje. Mål av Victoria Røren 3, Kristine Husøy 2, Anette Ulvestad og Therese Holstad. Gratulerer!

16.09. Damelaget i målthriller

Spelte 7-7 (!) borte mot MSIL/Blindheim. 

Anette Ulvestad (4), Victoria Røren (2) og Katrine Holstad scora for Hareid.

02.09. Damelaget tapte målfest

Bortekampen mot Bergsøy enda med 6-5-tap. Måla til Hareid kom ved Victoria Røren (2), Anette Ulvestad (2) og Katrine Holstad.

20.08. Foto frå damekampen Hareid - Hødd

Sjekk her.

19.08. Damelaget tapte, HIL2/HIL3 vann

* Damelaget tapte i kveld 7-3 heime mot eit sterkt Hødd-lag. Anette Ulvestad, Astrid Andersen og Runa Mork scora for Hareid.
* Sjuarlaget Hjørungavåg2/Hareid3 vann 5-3 mot Fiskerstrand på Jomsvoll. Thomas Karlsbakk, Jon-Åge Røyset, Fredrik Abrahamsen og Anders Egge Brandal (2) scora for HIL2/HIL 3.

14.07. Damelaget: Røren toppscorar i vårsesongen
Victoria Røren etter scoring mot MSIL/Blindheim på Hareid stadion.
Victoria Røren etter scoring mot MSIL/Blindheim på Hareid stadion.

Ei kjapp oppteljing viser at Victoria Røren scora klart flest mål for damelaget i 4.-divisjon i vår. Ho fann nettmaskene 10 gonger. Vidare: Kristin Marø (5), Anette Ulvestad (4), Kristine Husøy (2), Therese Holstad (2), Runa Røyset (1), Lone Gjerde (1), Thea Moe Larsen (1) og Martine Rafteseth (1).

29.06. Damelaget våren 2014: Klar nivåheving

Det står enno igjen éin kamp av vårsesong i 4.-divisjon for kvinner, men Hareid ligg uansett på sjuandeplass av åtte lag til sommaren med fem poeng. Kanskje ikkje mykje å hoppe i taket for, tenkjer kanskje enkelte. Men vi minner om at damelaget i fjor tapte alle kampane sine unntatt éin - og mange av tapa var med svært store siffer. I år har Hareid vore involvert i veldig mange jamne kampar, noko målskilnaden 27-38 viser. Tabellen. La oss krysse fingrane for at Hareid-damene tek fleire poeng i haust og kanskje klatrar eit par plassar på tabellen?

17.06. Damelaget spelte 4-4 heime mot Herd

* Hareid leia 2-1 til pause. Måla vart scora av Kristin Marø (2), Runa Mork Røyset og Anette Ulvestad.

* På Jomsvoll tapte Hjørungavåg II/Hareid III 5-3 mot FK Sykkylven. Thomas Karlsbakk (2) og Jonas Akelis scora for heimelaget.

** Dette var siste vårkamp for begge desse to laga.

12.06. Damelaget tapte 6-3 borte mot Åheim/Selje

Mål av Lone Gjerde, Victoria Røren og Kristine Husøy.

10.06. 4.-divisjon kvinner: Hareid - Ravn 3-3

Hareid låg under 2-0 til pause. Etter pause scora Ravn igjen. Men så starta Hareid opphentinga. Mål av Victoria Røren (2) og Kristine Husøy ordna poengdeling.

27.05. Historisk siger til damelaget

Hareid-damene spelte i 4.-divisjon også i fjor, men då var uavgjort det beste dei klarte å oppnå. Etter tre heiderlege tap tidlegare i sesongen kom årets første siger i dag. Blindheim/MSIL vart slått 6-4 på Hareid stadion. Pausestillinga var 4-0. Målscorarar for Hareid var Victoria Røren (3), Thea Moe Larsen, Kristin Marø og Therese Holstad. Vi gratulerer til Svein Dag Slettebakk og damene!

19.05. Damelaget tapte 6-2 borte mot Guard

Anette Ulvestad og Martine Rafteseth scora for Hareid.

13.05. Knapt tap for damelaget

Hareid spelte sin første heimekamp i 4.-divisjon i år, og tapte knapt 5-4 mot Bergsøy etter å ha lege under både 2-0 og 5-2. Dette var ein kamp Hareid like gjerne kunne ha vunne. Mål av Victoria Røren (2), Anette Ulvestad og Kristin Marø.

29.04. Hareid-kampar onsdag

* Damelaget tapte 8-5 borte mot Hødd i seriepremieren. Med andre ord god framgang for eit Hareid-lag som i fjor haust tapte med ca. 20 mål mot Hødd. For Hareid scora Victoria Røren (2), Anette Ulvestad, Therese Holstad og Kristin Marø.
* Smågutelaget (G14 9-ar) vann 14-3 heime mot Skodje. For Hareid scora William Valde Bigset (8), Martinus Almli (2), Filip Varhaug, John Arne Apelseth, Håvard Mork Breivik og ein motspelar.
* Sjuarlaget Hjørungavåg2/Hareid3 tapte heile 14-0 heime mot Emblem etter ein grusom 1. omgang (0-11). 2. omgang vart ein del betre. Innsatsen tok seg opp, samtidig som det vart gjort nokre suksessfulle rokeringar (keeper Jonas Pedersen gjekk ut som stoppar, dommar Richard Martin Hunstad inn som keeper - og tilskodar Einar Orten Trovåg vart dommar).
* SMJ13 (sjuar) vann 3-2 borte mot Hasundgot Hareidsjentene spelte godt, og hadde dei fleste sjansane mot eit løpssterkt Hasundgot lag. Shaajena Jeyntas, Renate Wist og Oda Katai Dypvik skora for Hareid.

PS. Vi kan også nemne at ÅVK og Kevin Aarvik Hestholm vann 4-3 borte mot Sunnylven/Stranda2 i 5.-divisjon. Det går rykte om at S/S bomma på to straffer.
PS 2. I 3.-divisjon avdeling 8 vann Stryn 1-0 mot Aalesund II tysdag. Måndag spelte Hødd II 2-2 mot Tertnes i Bergen, Bergsøy vann 3-2 mot Norborg i Uggedalen, medan Sogndal II vann 3-2 borte mot Tornado Måløy FK.

23.04. Tapte generalprøven

Damelaget tapte 8-2 borte mot Ravn i generalprøven. Mål av Therese Holstad og Anette Ulvestad. Hareid damelag har tapt to og vunne to oppkøyringskampar i vinter. Seriestarten går borte mot avdelingsfavoritten Hødd 2 neste veke.

03.04. Siger til damelaget

I sin tredje treningskamp for året vann Hareid-damene 5-4 heime mot Larsnes i kveld. Anette Ulvestad (3) og Victoria Røren (2) scora måla. Hareid har vunne to og tapt éin i år.

Forhånd.123456Neste
INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR