hareid_il_logo_135.png









 

22.01. 19 PÅMELDE LAG I 6.-DIVISJON, SJU AV DEI PÅ SØRE

Håvard Bolstad Banne og Thanusan Tharumalingam på ein sjuarkamp mot Austefjord i fjor.
Håvard Bolstad Banne og Thanusan Tharumalingam på ein sjuarkamp mot Austefjord i fjor.
20.01. ALIPOOR NY HOVUDTRENAR 2 FOR J16/DAME-GRUPPA
Den nye hovudtrenarduoen Venthan Ketheeswaran og Hazhir Alipoor.
Den nye hovudtrenarduoen Venthan Ketheeswaran og Hazhir Alipoor.

06.01. SÅ VAR BÅDE J16/DAMELAGET, JUNIORLAGET OG HAREID 2-3-GRUPPA I GANG

3836.jpg

Folksamt på Hareidsmyrane stadion onsdag kveld.

03.01. J16/DAMELAGET STARTAR OPPKØYRINGA ONSDAG

Hovudtrenarane Fredrik Andresen og Venthan Ketheeswaran.
Hovudtrenarane Fredrik Andresen og Venthan Ketheeswaran.

19.12. DET NÆRMAR SEG "FOTBALLFERIE" FOR SENIORLAGA

Eit juniorprega lag som vann ei av onsdagstreningane til Hareid 2-3 for noko sidan.
Eit juniorprega lag som vann ei av onsdagstreningane til Hareid 2-3 for noko sidan.

19.11. FREDRIK OG VENTHAN HELD FRAM SOM HOVUDTRENARAR FOR TRENINGSGRUPPA J16-DAMELAGET

Fredrik Andresen (til venstre) og Venthan Ketheeswaran har takka ja til å trene gruppa jenter 16 år-damelaget også i 2016,
Fredrik Andresen (til venstre) og Venthan Ketheeswaran har takka ja til å trene gruppa jenter 16 år-damelaget også i 2016,

25.10. ÅRSFESTEN: PRISANE, DAMELAGET

Sjå tekst under kvart foto.
Alle foto: Hazhir Alipoor.

25.10. VELLUKKA ÅRSFEST FOR HAREID IL FOTBALL SENIOR

Programleiar Anders Hjelle Øiestad.
Programleiar Anders Hjelle Øiestad.

For tredje året på rad vart årsfesten arrangert på Trudvang. Men i og med at Hareid IL hadde fire seniorlag denne sesongen, og også har fått på plass ei eiga seniorgruppe med nyttige medhjelparar, har det neppe vore så mange på festen; over 70 personar. Den offisielle delen av festen vart leia av Anders Hjelle Øiestad og nokre medhjelparar, og det vart delt ut prisar til årets spelarar og toppscorarar, samt heider og ære til ei rekkje tillitsvalde. Vi kjem med mange biletet her på heimesida utover dagen. Etter den offisielle delen var det ymse underhaldning med historieforteljing og diktlesing ved Vidar Vollsæter, Leiv Arne Grimstad og Ole André Kragset, før Ronald Øvrelid toppa den uoffisielle delen av festen med ein konsert på nærare to timar. Vel blåst!

13.10. KVEN BLIR ÅRETS SPELAR(AR)?

Tre av dei 12 som kan bli årets spelar på a-laget; (frå venstre) Thor-Ove Brekke, Jon André Thue og Alexander Nevstad.
Tre av dei 12 som kan bli årets spelar på a-laget; (frå venstre) Thor-Ove Brekke, Jon André Thue og Alexander Nevstad.

26.08. TAP FOR DAMENE I JAMN KAMP I ØRSTA

Det vart dessverre 3-1-tap for Hareid-damene borte mot Ørsta i kveld. Det var ein dårleg periode på eit par minutt som øydela for Hareid, som viste mykje bra elles. Begge laga hadde mange sjansar. Hareid sitt mål kom ved Lone Sofie Bigset Gjerde. - Det var ein typisk "første målet-vinn-kamp". Det stod lenge 0-0. Men Ørsta fekk det første målet rett etter at vi brende to store sjansar, kommenterer trenar Venthan Ketheeswaran.

17.08. DAMELAGET TAPTE FØRSTE HAUSTKAMP

Det vart ein kinkig start på haustsesongen for Hareid-damene, som tapte 9-1 heime mot Hasundgot i kveld. Men det positive var at ein god 2. omgang enda 1-1. 

13.06. DAMELAGET FERDIGE MED VÅRSESONGEN

28.04. DAMELAGET SIGRA I ÅRETS ANDRE KAMP

Etter at stillinga var 2-2 til pause vann Hareid 6-2 heime mot Volda i kveld, og fekk dermed bra revansje for tapet mot Larsnes i serieopninga. Målscorarar var Victoria Røren (4), Ida Røyseth Bruvik og Runa Overå Hide. - Ein god kamp av oss i ein kamp der vi sleppte til fleire unge debutantar, i tillegg til at Olaug Orten Trovåg gjorde comeback, seier trenar Venthan Ketheeswaran i ein kommentar. Han leia laget saman med Fredrik Andresen og Astrid Hareide Holstad. Banens beste var Victoria Røren. Sjekk elles vedlagte foto. Foto: Venthan Ketheeswaran. PS. Også J16 spelte kamp i dag, og tapte klart mot Vartdal. J16 har éin siger og to tap så langt.

24.04. KLART TAP I SERIEOPNINGA FOR DAMENE

Tysdag spelte Hareid damelag sin første seriekamp for året- Det enda med eit skuffande 9-2-tap borte mot Larsnes. Meir om kvinner sjuar avdeling 2 her.

19.04. HAREID 2 MED NY BORTEKAMP, DAMELAGET OG JUNIOR SERIEOPNAR TYSDAG

Hareid 2 håper å ha tilbake Antoni Gardshol til måndagens bortekamp mot LGFK 2. "2-9" stod over då Hareid 2 tapte 3-2 borte mot Volda 2 i serieopninga sist veke.
Hareid 2 håper å ha tilbake Antoni Gardshol til måndagens bortekamp mot LGFK 2. "2-9" stod over då Hareid 2 tapte 3-2 borte mot Volda 2 i serieopninga sist veke.

24.02. DAMELAGET MED TAP I ÅRETS FØRSTE TRENINGSKAMP

1-4 borte mot Hasundgot.

17.02. TRENINGSKAMPANE STARTAR FOR HAREID 2/3 og DAMELAGET

* Damelaget spelar sin første treninskamp for året neste tysdag. Det blir bortekamp mot Hasundgot, fortel hovudtrenar I, Venthan Ketheeswaran.
* Hareid 2/3 spelar sin første treningskamp heime mot Langevåg førstkomande fredag 19.30, fortel fungerande lagleiar Per Inia Brekke. Tysdag neste veke ligg det an til kamp mot Hareid junior.

14.02. ODDENCUPEN: BRONSE TIL HAREID 2

Bak frå venstre: Magne Kjell Wingsternes, Haakon Riise, Ivar André Aadland, Benjamin Slettebakk, Odd-Magne Brandal, Hiwa Alipoor. Framme: Martinus Warholm, Peder Alme, Antoni Gardshol. FOTO: KRISTIAN ANGELSEN.
Bak frå venstre: Magne Kjell Wingsternes, Haakon Riise, Ivar André Aadland, Benjamin Slettebakk, Odd-Magne Brandal, Hiwa Alipoor. Framme: Martinus Warholm, Peder Alme, Antoni Gardshol. FOTO: KRISTIAN ANGELSEN.

* Damelaget tok seg vidare til semifinalen etter 2-1-siger mot Hasundgot 1. Therese Holstad scora begge måla. I semfinalen vart det eit knapt 3-2-tap mot Hasundgot 2. Og i bronsefinalen vart det 2-1-tap mot Larsnes. Victoria Røren scora Hareid sitt mål.
* Hareid 2 slo Haddal 5-3 i kvartfinalen. Måla kom ved Hiwa Alipoor (2), Odd-Magne Brandal, Martinus Warholm og Antoni Gardshol. I semifinalen vart det 4-1-tap mot ÅVK 2 (mål: Brandal). I bronsefinalen vann Hareid 3-2 mot Gjerdsvika etter mål av Slettebakk, Alipoor og Aadland. Hiwa Alipoor vart kåra til bronsefinalens beste spelar.
* Hareid 3 spelte 3-3 mot Haddal i siste gruppespelkamp og var dermed eitt mål unna avansement. Emil Hareide, Gustav Bjørlykke Kløvning og Honar Alipoor scora måla i 3-3-kampen.
* Vel blåst!

13.02. ODDENCUPEN DAG 1 ER OVER

* Hareid 1 (Damelaget) spelte berre éin kamp i dag. Dei tapte 3-2 i ein jamn kamp mot Larsnes. Victoria Røren scora dei to måla for Hareid, som ei stund leia 2-1. I andre og siste gruppespelkamp i morgon skal Hareid møte Hasundgot 1.
* Hareid 2 (dei eldste karane) vann alle sine tre kampar og tok dermed gruppesigeren. Måla i 2-0-sigeren mot Island Offshore kom ved Benjamin Slettebakk og Martinus Warholm. I 2-1-sigeren mot Hasundgot 2 scora Antoni Gardshol og Odd-Magne Brandal. I 3-2-sigeren mot Hødd junior 2 scora Haakon Riise, Hiwa Alipoor og Ivar André Aadland.
* Hareid 3 (unggutane) har spelt to av tre gruppespelkampar. Først tapte dei 5-3 mot GIL/MIL. Måla kom ved Kristen Haddal Røssevoll, Honar Alipoor + X. Håvard K. Bjåstad og Gustav Bjørlykke Kløving scora i 2-2-kampen mot ÅVK 1. Hareid 3 kan framleis gå vidare, men då må dei slå Stian Myrene og Haddal i morgon, laurdag.

04.02. NYE HOVUDTRENARAR FOR J16/DAME-GRUPPA

dscf1515.jpg

Venthan Ketheeswaran og Fredrik Andresen er engasjerte som hovudtrenarar for Hareid J16 og Hareid damelag, som har felles treningsgruppe i år.

Forhånd.123456Neste
INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR