Skriv ut

28.01. ODDEN-CUPEN: OK AV HAREID-LAGA

* Damelaget var involvert i tre jamne kampar i gruppespelet. Dei slo Hødd etter scoring av Cecilie Skeide, men tapte knapt både mot SUFH og Volda. Dermed gjekk ikkje damene vidare. Merk at eit par av Hareid sine fleire nysignerte spelarar representerte Hasundgot denne tureringa.

* Herrelaget, med spelarar frå Hareid 2/3-gruppa, enda på andreplass i si gruppe med seks poeng av ni moglege. Dei slo Gjerdsvika 2 og Hasundgot Raud, men tapte mot ÅVK 1. I kvartfinalen tapte Hareid 3-1 mot Hasundgot Raud. Hareid sine fem mål i turneringa vart scora av fem forskjellige spelarar.