Skriv ut

26.01. HAREID MED TO LAG I "ODDEN-CUPEN"

Frå ein Hareid 2-kamp mot Bergsøy 2 i fjor.
Frå ein Hareid 2-kamp mot Bergsøy 2 i fjor.

Tradisjonen tru arrangerer Odd-Arne "Odden" Seljeseth og Flø IL, i samarbeid med ÅVK, turnering for breiddelag på nyåret. 

Hareid har på det meste stilt fem lag i denne turneringa, og vann herreklassen så seint som i 2013. Men i år stiller Hareid berre to lag. 

Damelaget, som tok sølv i fjor, har kome i gruppe med Volda 2, Hødd 1 og SUFH.

Hareid sitt herrelag, som består av spelarar frå 2/3-gruppa, skal møte ÅVK 1, Gjerdsvika 2 og Hasundgot Raud.

Turneringa kan følgjast live her.