Skriv ut

23.10. ÅRSFESTEN: BIRKHOL ÅRETS SPELAR PÅ DAMELAGET

Under årsfesten i går fekk Natalie Seljeseth Birkhol pokal som årets spelar på damelaget. Lone Sofie Bigset Gjerde vart kåra til årets unge spelar (var ikkje til stades). Både trenar Venthan Ketheeswaran og lagleiar Arnhild Åsmo Bigset fekk takk for innsatsen. Bigset fekk også årets innsatspris. Prisutdelar på bileta er Eiliv-Tore Howlid.

Toppscorartittelen vart delt mellom Karina Gade (ikkje til stades) og Natalie Seljeseth Birkhol.