Skriv ut

08.05. MANGE HAREID-KAMPAR I VEKA SOM KJEM

Frå juniorkampen Hareid - Emblem i første serierunde.
Frå juniorkampen Hareid - Emblem i første serierunde.

Vi har tatt ein kik på Hareid-kampane i ungdoms- og seniorfotballen.

* Måndag: SMG13 sjuar spelar heimekamp mot Hovdebygda/Mork på grasbana. Hareid har spelt éin kamp i denne serien så langt og står med full pott.

* Tysdag: SMG14 sjuar spelar heimekamp mot Haddal. Hareid står med éin siger og eitt tap så langt i denne divisjonen. Hareid-Haddal går på kunstgras 18.30, samtidig med ein G11-kamp. Seinare på kvelden er det sett opp både sjuarkamp for menn og kvinner på kunstgraset. Herrelaget Hareid 3 møter Gjerdsvika. Hareid har éin siger av éin mogleg så langt i år. Damelaget står med eit knapt tap og eit noko større tap. Dei møter Hasundgot. Juniorlaget skal til Gursken (River-plate) og møte Gursken/Larsnes/Gjerdsvika (som står oppført som niarlag). Hareid har hatt stong ut og tapt sine to første kampar i år.

* Onsdag: SMJ14 sjuar 1.-divisjon spelar borte mot Valder/Vigra. Hareid har ni poeng av ni moglege i denne serien så langt. 

* Torsdag: A-laget for menn møter Ørsta borte. Den kampen kjem vi nok tilbake til seinare. G16 sjuar møter Vartdal heime. Hareid har spelt to kampar så langt i denne divisjonen og vunne begge med kalassiffer. SMJ14 sjuar 2.-divisjon møter Aksla heime. 

* Fredag: Hareid G16 11-ar møter Langevåg heime. Hareid har to sigrar og eitt tap så langt i 1.-divisjon. J16 sjuar 1.-divisjon møter Herd borte. Hareid har vunne tre av tre i denne divisjonen så langt.

Etter fredag 13. mai kjem fire dagar utan Hareid-kampar. Men frå 18. mai er det på'an igjen. Girri girri!