Skriv ut

16.02. AVDELINGSOPPSETT FOR SENIOR SJUARFOTBALL OG DEI FLESTE UNGDOMSKLASSANE

Hareid damelag under Odden-cupen tidlegare i februar.
Hareid damelag under Odden-cupen tidlegare i februar.

Oppsett for junior og G16 11-ar kjem seinare, men elles er det klart kven Hareid møter i dei andre ungdomsklassane, samtsjuarfotballen for seniorar.

*

Herrelaget Hareid 3 er sett opp i ei Søre-avdeling saman med Bergsøy 3, Gjerdsvika 2, Flø, Austefjord og Tjørvåg 2. Her er det meint trippel serie (til saman 15 kampar per lag, pluss eventuelle KM-kampar), men kjenner vi visse folk rett er vel ikkje siste ordet sagt om den saka.

*

Damelaget er også sett opp i ei Søre-avdeling. Her blir det sju lag og dobbel serie (altså 12 kampar). Motstandarlaga er Hasundgot 1, Hasundgot 2, Bergsøy, Vartal, Larsnes og Volda 2.

*

Tidlegare har vi meldt at Hareid stiller åtte ungdomslag i 2016. Men det rett er faktisk ni. I ettertid har G16 også meldt på eit sjuarlag. Om Hareid nokon gong tidlegare har stilt ni ungdomslag er vi langt frå sikre på; truleg ikkje. 

*

Oppsett for junior og G16 11-ar kjem som nemnt seinare. Men vi veit allereie no at juniorlaget skla spele i 2.-divisjon og G16 i 1.-divisjon.

*

Dei andre Hareid-laga i ungdomsfotballen blir då G16 sjuar, G14 sjuar, G13 niar, G13 sjuar, J16 sjuar, J14 sjuar I og J14 sjuar II.

Avdelingsoppsetta for desse laga finn du her.