hareid_il_logo_135.png









 
30.01. HAREID STILLER FIRE LAG i "ODDEN-CUP"

Neste helg blir «Sparebanken Møre-cup» arrangert i Ulsteinhallen. Den tradisjonstunge turneringa blir oftast kalla «Odden-cup» etter turneringssjefen Odd-Arne «Odden» Seljeset. Hareid stiller denne gongen fire lag i turneringa. Hareid 2-3-gruppa stiller to lag, kalla Hareid 1 og 2. Hareid junior stiller eitt lag. Og det same gjer damelaget.

I fjor tok det eldste laget frå Hareid 2-3-gruppa bronse. Året før vart det ikkje cup grunna rivinga av den gamle Ulsteinhallen. Men i 2013 vann Hareid 5 (det eldste Hareid-laget) turneringa etter finalesiger mot Åram/Van.kam. Hareid 3 (Hareid junior) tapte bronsefinalen mot eit anna ÅVK-lag. I 2011 tok Hareid junior (inkludert den overårige Kim-Tore Husøy på laget) sølv.

PS. Dei vedlagte bileta vart tatt under Hareid 2-3 si trening sist helg.

INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR