hareid_il_logo_135.png









 

24.04. TRE SENIORLAG SERIESTARTAR TIL VEKA

Thor André Barstad Gulbrandsen er spelande oppmann for Hareid 3.
Thor André Barstad Gulbrandsen er spelande oppmann for Hareid 3.

Sjekk kven dei møter.

* Hareid 2 serieopnar heime mot Sæbø måndag. Sæbø er av alle rekna som favoritt til å vunne 6.-divisjon i år, og blir neppe ei lett nøtt å knekke for Hareid. Heimelaget må framleis klare seg utan Antoni Gardshol. Emil Johannes Dahlen Folkestad vart skadd på trening fredag og er også uaktuell. Elles blir vel laget nokså likt det som har spelt dei fleste treningskampane i vinter. Daniel Reite er no på sjøen.

* Hareid 3, sjuarlaget, serieopnar borte mot Flø (Høddvoll) tysdag kveld. Hareid 3 har ikkje spelt eigne treningskampar i vinter. Den største forskjellen på HIL2 og HIL3 er vel at dei som spelar på sjuarlaget (jamt over) har noko mindre treningsgrunnlag. Så det blir spennande å sjå korleis det slår ut mot Flø, som visst nok har ambisjonar om å vinne Søre-avdelinga i år. Etter det vi veit har Flø per dato både Kevin Aarvik Hestholm og Ivar André Aadland i stallen.

* Damelaget serieopnar heime mot Vartdal tysdag kveld. Vi har ikkje full oversikt over kven som spelar på laget i år, men dei har visst nok fått inn nokre nye spelarar den siste tida. Truleg blir laget uansett ganske ungt - som i fjor.

* Elles ser vi at juniorlaget har bortekamp mot Aksla tysdag, medan gutelaget møter Herd heime fredag. Gutelaget opna serien med bortesiger mot Stranda denne veka (manglar referat).

* Vi håper å framleis få inn rapport/referat og gjerne også bilete frå kampane til alle laga i ungdoms- og seniorfotballen. Dei laga som ikkje har tilgang til å redigere heimesida kan sende inn til hareidsida@gmail.com.

INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR