hareid_il_logo_135.png









 

15.12. FORNYA SATSING PÅ DAMEFOTBALLEN I HAREID IL: ANITA WAAGE BLIR NY HOVUDTRENAR

Anita Waage saman med Lars Roar Holstad frå sportsleg utval torsdag føremiddag.
Anita Waage saman med Lars Roar Holstad frå sportsleg utval torsdag føremiddag.

Dei to siste åra har Hareid sitt damelag vore slått saman med J16 for å ha nok spelarar på treningane. Frå 2017 av blir det ei eiga treningsgruppe for damene.

Ny hovudtrenar blir Anita Waage. Ho har vore tilsett som dagleg leiar i Hareid IL Fotball og deretter Hareid IL (hovudlaget) sidan august 2014. Desse åra har ho vore involvert i damefotballen som vikar. Men no er ho klar til å prioritere å gi damefotballen i klubben eit løft.

Tidlegare har Waage trena ei rekkje lag, i tillegg til å ha jobba i fotballkrinsen og for NFF. Som spelar vart ho verdsmeister med Norge i 1995, i tillegg til å ha tatt fleire seriemeisterskap og cupgull med Trondheims-Ørn. Det er altså ein svært erfaren fotballperson Hareid-damene får som trenar i 2017.

Det kan vel hende det blir sjuarfotball på damene komande sesong. Men på sikt er målet både niar- og 11-arlag. Hareid har hatt svært god rekruttering på jentesida dei siste åra, og tatt fleire aldersbestemte KM-medaljar. Så det er ingen grunn til å sjå seg tilbake. Her er det alle moglegheiter til å få til eit godt opplegg og eit godt lag både på kort og lenger sikt.

Målet for komande sesong er å få med både dei som kjem rett frå aldersbestemt fotball, og dei som ikkje har spelt fullt så mykje siste åra. I tillegg til å få ei gruppe som vil ha sportsleg progresjon, er det også mål om å få eit veldig godt sosialt miljø rundt laget.

Når oppkøyringa startar i januar kan alle som vil prøve seg kome innom treningane, som innleiingsvis vil gå i Hareidhallen. Alle er velkomne, nye som gamle. Dei som treng informasjon om treningstider og liknande kan sjekke facebooksida til damelaget, eller kontakte Anita Waage direkte.

Hareid IL Fotball sitt sportslege utval ved Lars Roar Holstad seier seg godt nøgde med å ha på plass Anita Waage som hovudtrenar. Dette er den absolutt beste løysinga laget kunne fått. Korleis resten av støtteapparatet vil sjå ut kjem ein tilbake til seinare.

INFOTAVLA

___________________________

____________________________

Meld deg inn i Hareid IL ved å klikke på 'Min idrett'. Her kan du registrere og endre personlege opplysningar.

min_idrett.png
Facebook.com/HareidIL
 
Twitter.com/HareidIL

 



17_kvalitetsklubb_emblem_cmyk_positiv_godkjent.jpg
   SPONSORAR